Oppgåve
Video
Kva er problemet med havforsuring?
Mange forskarar jobbar med å kartleggje kva som skjer med havet når CO₂-konsentrasjonen aukar. Bli med på eit forskingstokt der havforskarar ser nærare på havforsuring og korallrev langs norskekysten.
Sjå film om forskarar som jobbar med havforsuring:
Norske kaldtvannskorallrev. Video: Warholm Film, SALT / CC BY-NC-ND 4.0
Oppgåver til filmen
- Kvifor er ein overraska over at det finst korallrev langs norskekysten, trur du?
- Forskaren i filmen snakkar om å gjere gjettingar. Kva slags gjettingar trur du det er snakk om?
- Kva kallar vi gjerne slike gjettingar når vi jobbar med den vitskaplege arbeidsmåten?
- Korleis finn ein ut om ein gjettar riktig eller ikkje?
- Gi døme på noko forskarane ikkje veit om korallar.
- Kvifor er korallrev viktige økologisk sett?
- Kva konsekvensar trur forskarane at havforsuring kan ha?
- Kva konsekvensar kan havforsuring ha for oss menneske?
Relatert innhald
Slik påvirker CO2-utslipp korallrev
Nettside hos forskning.no
Har funnet 200 000 korallrev i havet utenfor Norge
Nettside hos forskning.no