Intermediær og kodominant arv

Intermediær arv / ufullstendig dominans
Når foreldre som er homozygote for ein eigenskap, får heterozygote avkom som har ein mellomting av foreldra sine eigenskapar, seier vi at arvegangen er intermediær eller ufullstendig dominant.
Eit klassisk døme på intermediær arv finn vi hos ein plante som heiter prydløvemunn. Når plantar med raude og kvite blomstrar blir kryssa, får alle plantane i neste generasjon rosa blomstrar. Avkomet er heterozygote for den eigenskapen og får altså ein mellomting av foreldra sine eigenskapar.
Kodominans
Nokre gonger vil organismar som er heterozygote for ein eigenskap, vise begge fenotypar. Dette blir kalla kodominans og gjeld til dømes blodtype AB.
Blodtypar i ABO-systemet
Genet som bestemmer kva slags blodtype vi har, har tre moglege allel: A, B og O. Vi arvar evna til å lage blodtypar frå både mor og far, og dei moglege kombinasjonane av allel i genparet er genotypane OO, AO, BO, AA, BB og AB. Desse allela i eit genpar ligg på same stad i kvart sitt kromosom. Det eine kromosomet i eit kromosompar kjem frå mor, og det andre frå far.
Viss vi arvar genotype AO eller AA, har vi i begge tilfelle blodtype A, fordi verknaden av A overskyggjer verknaden av O. På same måte blir både BO og BB til blodtype B.
Allela A og B er like dominante og blir uttrykte like sterkt, mens allelet O er recessivt (vikande). Blodtypane blir derfor O, A, B og AB i ABO-systemet.
Dersom eit individ har både allel A og B, altså genotype AB, blir fenotypen også AB (både blodtype A og B er til stades samtidig). Dette blir kalla kodominans.
Dei som har blodtype AB, har både A-antigen og B-antigen på dei raude blodlekamane, mens blodtype O er utan desse antigena.