Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Ioniserande stråling

Ordet stråling gjer at mange får negative assosiasjonar til til dømes stråleskadar og kreft. Samtidig nyt vi strålevarmen frå vedomnen utan å bekymre oss. Det er behov for å skilje stråling som kan skade oss – ioniserande stråling – frå den som vanlegvis ikkje gjer det.

Kva er ioniserande stråling?

Stråling er ioniserande når ho har nok energi til å rive laus elektron frå atom eller molekyl. Då får vi danna elektrisk ladde ion som er mykje meir reaktive enn dei opphavlege partiklane. Dette kan ha store konsekvensar for biologisk materiale, til dømes kan DNA-et i cellene bli skadd og forårsake kreft. Derfor er det svært viktig at vi skjermar oss for ioniserande stråling.

Kva typar stråling er ioniserande?

Grensa for kva strålingsenergi som er ioniserande, er ikkje skarp, sidan energien som skal til for å ionisere / rive laus elektron, varierer etter kva atom eller molekyl det gjeld. Det vi kan seie, er at

  • UV-C og røntgen- og gammastråling alltid er ioniserande

  • UV-B og UV-A er meir i grenseland. Forsking har vist at UV-B og UV-A kan forårsake skade i biologisk materiale utan å ionisere. Derfor blir heile UV-området inkludert i stråling vi må verne oss mot.

  • alfa- og betastråling frå radioaktive kjelder er svært energirike og alltid ioniserande

Korleis kan vi verne oss mot ioniserande stråling?

For å verne oss mot ioniserande stråling må vi ta omsyn til kva stråling det er snakk om. Ulike typar stråling har ulik evne til å trenge gjennom ulike typar materiale, så korleis vi skal verne oss, vil variere frå situasjon til situasjon.

Her tek vi for oss dei vanlegaste typane stråling:

Ultrafiolett stråling

Her har du sikkert erfaringar sjølv. Solkrem med UV-filter stoppar effektivt både UV-A og UV-B i strålinga frå sola. UV-C treng vi ikkje å bekymre oss for sidan omtrent alt blir stoppa av ozonlaget i jordatmosfæren. Dette gjeld òg meir energirik stråling frå verdsrommet som treffer jordatmosfæren.

Røntgenstråling

Viss du tek røntgenbilete, til dømes hos tannlegen, blir du utsett for røntgenstråling. Då vernar du den delen av kroppen som det ikkje skal bli teke bilete av, med ei plate av bly. Bly absorberer røntgenstrålane slik at du får minst mogleg stråling.

Alfastråling

Alfastråling er størst, kolliderer raskt med mange partiklar og blir bremsa raskt ned. Det skjer i løpet av nokre centimeter i luft og nokre mikrometer viss alfastrålinga møter hud. Derfor vil ho ikkje trenge gjennom huda di.

Sidan alfastrålinga inneheld mykje energi, vil ho gjere stor skade dersom ho likevel kjem inn i kroppen, som til dømes inn i lungene som radongass. For å redusere risikoen kan vi sørge for god ventilasjon og tetting av kjellarmurar, slik at radongass frå grunnen ikkje trenger inn i huset.

Betastråling

Betastråling kan gå fleire meter i luft, men blir stoppa av eit tynt blylag. Sjølv om ho har høgare gjennomtrengingsevne enn alfastråling, inneheld ho mykje mindre energi og gjer mindre skade på biologisk materiale.

Gammastråling

Gammastråling er den stråletypen som er vanskelegast å stoppe. Strålinga vil gå lett gjennom kroppen din og blir ikkje bremsa ned raskt sånn som alfa- og betastråling blir. Gammastrålinga vekselverkar på ulike måtar med partiklar ho møter. Det betyr at vi ikkje kan setje ei fast grense for rekkevidda. Eit koparlag på 1,3 centimeter stoppar halvparten av strålinga, og eit nytt lag på 1,3 centimeter stoppar halvparten av det igjen. Derfor er bly og betong vanlege materiale i sjukehusrom med stråleapparat.

Tenk gjennom!

Kvifor vernar vi oss mot sola, men ikkje mot varmen frå ein peis?

Oppgåver

Kryssord

Finn løysingsorda.

Sant eller usant?

Ta stilling til påstandane og avgjer om dei er sanne eller usanne.

Relatert innhald

Skrive av Astrid Johansen og Kristin Bøhle.
Sist oppdatert 24.10.2025