Oppgave
Høyr deg sjølv – Gen blir arva og endra
Desse oppgåvene er tenkte til munnleg trening og repetisjon. Forslag til fasit finn du nedst på sida.
- Kva har størst betydning for utviklinga av eigenskapane våre – arv eller miljø?
- Kor stor del av arvmaterialet vårt er gen, altså oppskrift på protein?
- Kva er epigenetikk?
- Kva er skilnaden på mitose og meiose?
- Kvar skjer mitose og meiose?
- Kva er overkryssing?
- Når det blir danna kjønnsceller i kroppen din, vil dei då innehalde like mykje arv frå mor di som frå far din?
- Når det blir danna kjønnsceller i kroppen din, vil dei då innehalde like mykje arv frå kvar av besteforeldra dine?
- Er mutasjonar alltid skadelege og merkbare hos individet?
- Kva er eit allel?
- Kva blir konsekvensen av at det finst mange alternative allel til eit gen?
- Kva er dominant arvegang?
- Kva betyr genotype?
- Kva betyr fenotype?
- Kan to individ med ulike genotypar for ein eigenskap ha like fenotypar for denne eigenskapen?
- Gi eit døme på intermediær arvegang.
- Beskriv arvegangen vi kallar kodominans.
- Kva er skilnaden på recessiv arvegang og kjønnsbunden recessiv arvegang?