Bindingar mellom molekyl - Øv på å lage elektronprikk-strukturar - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Bindingar mellom molekyl

Øving

Øv på å lage elektronprikk-strukturar

I denne øvinga skal du øve på å bygge elektronprikk-struktuar for nokre vanlege molekyl.
Dette innhaldet er ikkje universelt utforma, og nokre brukarar kan derfor ha problem med å oppfatte og forstå det. Innhaldet er visuelle øvingar.

Bygg elektronprikk-strukturar

Dra og slepp atom og elektron og bygg elektronprikkstrukturen til nokre vanlege molkyl. Jobb i denne rekkefølga:

  1. Finn ut kor mange elektron kvar atomtype har i det ytste skalet sitt.

  2. Dra og slepp atomtypane til rett plass.

  3. Dra og slepp elektronpara slik at atomtypane får åtte elektron rundt seg (unntaket er hydrogen som er stabilt med to elektron).

  4. Hugs at bindingar og frie elektronpar plasserer seg så langt unna kvarandre som mogleg.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2024