Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kokepunkt og krefter mellom molekyl

Kvifor har ulike sambindingar ulike kokepunkt? Undersøk kreftene som verkar mellom molekyl.

Molekyl er polare eller ikkje-polare

Atom i polare molekyl deler ikkje likt på elektrona. Molekyla kan dermed få ei ladning utetter.

Atom i ikkje-polare molekyl deler likt på elektrona. Slike molekyl har ikkje ei permanent ladning utetter. Sidan dei delte elektrona er i rørsle, oppstår det mellombelse ladningsskilnader i desse molekyla. Dette gjer at ikkje-polare molekyl òg kan bli tiltrekte av kvarandre.

Bruk simuleringa

Utforsk korleis det oppstår krefter mellom molekyla når dei er i nærleiken av kvarandre.

  1. Dra molekyla inntil kvarandre. Legg merke til kva som skjer.
  2. Prøv ut, og kombiner både like og ulike molekyl.

Oppgåver om krefter mellom molekyl

Alle molekyl blir tiltrekte av kvarandre – styrken varierer

Sjølv om alle molekyl blir tiltrekte av kvarandre, er det ulike mønster og styrkar i tiltrekningskreftene.

Det er to typar tiltrekkingskrefter mellom molekyl:

  • dipol–dipol
    tiltrekkingskrefter mellom polare molekyl
  • ikkje-dipol–ikkje-dipol
    tiltrekkingskrefter mellom upolare molekyl

Bruk simuleringa

Utforsk skilnaden i styrke for desse tiltrekkingskreftene med molekyl som er omtrent like store.

  1. Bruk nedtrekksmenyen til å velje molekyl du vil undersøkje.
  2. Dra i stjerna for å slite molekyla frå kvarandre.

Oppgåver om tiltrekkingskrefter

Polare versus ikkje-polare molekyl

Simuleringa viser molekyla i ein drope frå ei væske som er polar, og ein drope frå ei væske som er ikkje-polar. Når du varmar opp desse væskene, vil dei byrje å koke, slik at molekyla blir slitne frå kvarandre.

  1. Bruk knappane for å varme opp (eller avkjøle) væskene.
  2. Bestem omtrentleg temperatur for når dei to væskene byrjar å koke.

Oppgåver om polare og ikkje-polare molekyl


Rettshavar: Concord Consortium.
Sist oppdatert 07.09.2026