Årsplan i naturfag YF – helse- og oppvekstfag

Årsplan for naturfag på helse- og oppvekstfag
Fagressursane i naturfag frå NDLA dekker heile læreplanen. Dette inkluderer dei grunnleggande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med spennande fagstoff håpar vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.
Vi har laga eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenker til eit utval fagressursar for kvart emne.
Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at han enkelt kan tilpassast ulike elevgrupper og årsplanen ved skulen.
Læreplantilknytinga er lagd inn periodevis for dei ulike emna og blir vist til ved starten av eit nytt emne.
- I planen er det lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege tema i tilknyting til fleire av emna i naturfaget. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fire veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.
Kompetansemålet "utforske ein sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar" er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i veke 18, 19 og 20 under emnet stoff, men dette kan enkelt justerast og tilpassast til andre emne.
Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF
- Årsplan naturfag vg1 HS(DOCX)
Årsplan naturfag vg1 HS
Relatert innhald
Nettside hos udir.no