Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Årsplan i naturfag YF – bygg- og anleggsteknikk

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her kjem eit forslag til korleis du kan planleggje det kommande skuleåret etter læreplanen ved hjelp av fagressursane frå NDLA i naturfag.

Årsplan for naturfag på bygg- og anleggsteknikk

Fagressursane i naturfag frå NDLA dekker heile læreplanen. Dette inkluderer dei grunnleggande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med spennande fagstoff håpar vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.

Vi har laga eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenker til eit utval fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at han enkelt kan tilpassast ulike elevgrupper og årsplanen til skulen.

  • Læreplantilknytinga er lagd inn periodevis for dei ulike emna og blir vist til ved starten av eit nytt emne.

  • I planen har vi lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege temaa i tilknyting til fleire av naturfagemna. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fem veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.
  • Kompetansemålet "utforske ein sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar" er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i vekene 18, 19 og 20 under emnet stoff og materiale, men dette kan enkelt justerast og tilpassast til andre emne.

Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF

  • Årsplan naturfag vg1 BA

  • Relatert innhald

    Skrive av Camilla Øvstebø.
    Sist oppdatert 13.08.2025