Sopp, algar og eincella organismar

Sopp: trekk frå både planter og dyr
Når du høyrer ordet sopp, tenker du kanskje på flugesopp eller kantarell? Men sjølve soppen består av tusenvis av trådar (hyfar) nede i jorda. Flugesoppen og kantarellen er berre formeiringsorganet til det som er sjølve soppen. Denne delen av soppen kallar vi også for fruktlekamen. Hos muggsoppar ser ein sopphyfane lettare, og her er fruktlekamen mindre framståande enn hos dei soppane vi et.
Nokre fellestrekk hos sopp og planter er at dei formeirar seg med sporar, og at dei ikkje kan flytte på seg. Soppane har òg celleveggar, men veggane består av kitin, ikkje av cellulose som hos plantene. Soppane er plasserte i eit eige rike (soppriket) sidan dei manglar klorofyll og ikkje kan produsere si eiga næring.

Næringsopptak
Sidan soppar ikkje kan drive fotosyntese, må dei ta opp organiske sambindingar frå andre organismar. Mange av soppane skaffar seg næring ved å bryte ned døde planter eller ved å leve i symbiose med andre organismar. Fordøyinga skjer på utsida av kroppen, og næringa blir teken opp gjennom den ytre overflata.
Opplagsnæring
Både sopp og dyr har glykogen og feitt som opplagsnæring. Plantene derimot har stivelse som opplagsnæring.
Algar

Algar er organismar med fotosyntese, og dei lever i hovudsak i vatn. Dei kan bestå av éi eller fleire celler. Dei eincella algane kallar vi gjerne planteplankton.
Det finst nokre planktonalgar som gjer blåskjel giftige under spesielle forhold.
Eincella dyr (protozoar)
Protozoar er dyr som består av berre éi celle. Dei har cellekjerne, men manglar nervesystem og organ for å frakte næring og avfallsstoff. Dei lever som regel som parasittar på andre organismar.
Protozoar lever i vatn eller fuktige miljø. Nokre artar er frittlevande, mens andre lever som parasittar på andre organismar.
Til protozoane høyrer til dømes flagellatar (guardia), amøbar og sporedyr. Plasmodiumartane gir malaria, og Toxoplasma gondii gir toksoplasmose.
