Riktig oppbevaring av mat - Naturfag (RM) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Riktig oppbevaring av mat

Filmen handlar om oppbevaring av lett bederveleg mat, på forskjellige lager som kjølerom, fryserom og tørrvarelager. I tillegg går vi gjennom merking av matvarer og omgrep som «siste forbruksdag» og «best før».
Riktig oppbevaring av mat. Video: Snöball Film AS / CC BY-NC-ND 4.0

Skriv ein kort definisjon av desse omgrepa:

  • kjølerom
  • lett bederveleg
  • fryserom
  • haldbarheit
  • tørrvarelager
  • siste forbruksdag
  • best før

Praktisk oppgåve

Ta to gulrøter og to agurkar. Legg ei gulrot og ein agurk på eit kjølerom og ein agurk og ei gulrot i romtemperatur i ei veke. Beskriv kvaliteten på varene etter ei veke.

Spørsmål

  1. Korleis kan oppbevaringa av mat påverke kvaliteten?
  2. Kor mange gradar skal det vere på eit kjølerom, og kvifor?
  3. Kva meiner vi med lett bedervelege matvarer, og korleis skal slike oppbevarast?
  4. Forklar kva vi meiner med varerullering.
  5. Forklar korleis du kan oppbevare ytrefilet av okse over lengre tid.
  6. Kvifor har butikkar og større bedrifter ofte fleire kjølerom og fryserom?
  7. Kva kjenneteiknar eit tørrvarelager?
  8. Når du sjølv pakkar varer til oppbevaring, er det viktig at du merkjer varene tydeleg. Korleis bør du merkje varene?
  9. Forklar kva merkinga av desse varene bør innehalde: kjøtdeig, ris, pasta, fiskefilet.
  10. Kva er forskjellen på «siste forbruksdag» og «best før»?

  11. Tabellen under viser ei oversikt over ulike matvarer.

    1. Set kryss for riktig oppbevaring av matvarene. Nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager.

    2. Beskriv kvifor nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager.

Rettshavar: Snöball Film AS
Sist fagleg oppdatert 22.11.2023