Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Hindringar for mikroorganismar

Hygiene på kjøkkenet er viktig. Gjer teorioppgåvene og lær deg riktig hygiene i alt du gjer. Både i det daglege arbeidet ditt på kjøkkenet på skulen, i praksis og når du er heime.

Livsvilkår for bakteriar er:

  • oksygen
  • passande temperatur
  • fukt
  • pH
  • næring

Teorioppgåver

  1. Kvifor skal temperaturen i kjøleskapet vere under 4 gradar?
  2. Kvifor bør vi vaske hendene ofte?
  3. Kvifor dekkjer vi til matvarer under oppbevaring?
  4. Kvifor må mat som skal haldast varm over tid, ha ein temperatur på minst 60 gradar?
  5. Kvifor bruker vi eddik som konserveringsmiddel for matvarer?
  6. Kvifor er det viktig å vaske kjøkkenbenken godt?
  7. Lag faktaark for dei ulike avdelingane på skulekjøkkenet. Det skal vise korleis du kan hindre bakterievekst. Bruk gjerne bilete i tillegg til tekst for å illustrere.
Skrive av Gro Birgitte Eriksson og Unni Kulhuset Granheim.
Sist oppdatert 29.04.2026