Emulsjonar og miceller - Naturfag (RM) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Emulsjonar og miceller

Emulsjonar er blandingar av vassløyselege og feittløyselege stoff. For at vatn og feitt skal halde saman, trengst det eit bindeledd, ein emulgator. Undersøk eigenskapar til vassløyselege og feittløyselege stoff, og finn ut kva eigenskapar ein emulgator har.

Oppgåve 1

Simuleringa viser ein behaldar med ein skild vass- og feittfase.

  1. Slepp molekyl inn i behaldaren ved å trykkje på knappen. Det er tre ulike typar molekyl. Desse er lilla, oransje og grå.
  2. Observer korleis molekyla oppfører seg i dei ulike fasane, og avgjer kva for nokre molekyl som elskar vatn (er hydrofile), kva for nokre som hatar vatn (er hydrofobe), og kva for nokre av dei som elskar begge delar.

Oppgåve 2

Studer korleis molekyl med vasselskande (hydrofil) ende og vassavstøytande (hydrofob) ende går i ei blanding med olje og vatn.

Oppgåve 3

  1. Vel om molekyla skal vere i olje eller vatn.
  2. Observer korleis dei blir påverka av kvarandre og omgivnadene. Molekyla har ein vasselskande (hydrofil) ende og ein vassavstøytande (hydrofob) ende.

Miceller – såpemolekyl i kuleform

Når molekyl organiserer seg slik som i oppgåve 3, kallar vi dei partiklane som blir danna, for miceller. Dette skjer mellom anna i såpe. Dei vassløyselege delane av såpemolekylet peiker utover mot vaskevatnet, mens dei feittløyselege delane løyser opp skit og smuss på til dømes klede.

Når fleire såpemolekyl går saman og dannar kuleforma miceller, kan desse bli skylde ut samtidig som dei tek med seg skiten som var på kleda.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2020