Simulering og oppgåver om genmutasjonar - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Simulering og oppgåver om genmutasjonar

Utforsk korleis endringar i DNA-sekvensen kan endre aminosyrene som inngår i eit protein. Kva for konsekvensar har dei ulike mutasjonane for proteinet som blir laga?

Utforsk mutasjoner

Mutasjonar er feil i DNA-sekvensen. Utforsk korleis endringar i DNA-sekvensen kan endre aminosyrene som inngår i eit protein.

Bruk Endre DNA- knappen for å endre heile sekvensen, eller klikk på eit einskild nukleotid for å gjere ein innsetjings-, slettings- eller substitusjonsmutasjon. Kva gjer endringa i DNA-sekvensen med det resulterande proteinet?

Du kan raskt hoppe mellom DNA-sekvensen og det ferdige proteinet ved å bruke knappane Vis DNA og Vis protein.

Tilgjengelegheit

Disse oppgåvene kan vere vanskelege å gjennomføre for personar med synshemming. Dei er ikkje nødvendige for å dekke kompetansemåla i dette emnet. Kompetansemåla blir dekte gjennom arbeid med dei andre ressursane.

Oppgåve 1

Vel Vis DNA og teikn av DNA-sekvensen som du ser på biletet.

Oppgåve 2

Vel Transkriber og deretter Stop etter 12 steg. Dra i biletet slik at du ser heile mRNA-tråden.

  • Lag ein ny teikning av DNA-trådane og dei komplementære basane (mRNA) som har festa seg til den eine tråden.
  • Vel Vis protein og ta eit skjermbilete av proteinet.

Oppgåve 3

No skal du gjere tre ulike endringar på DNA-tråden. Noter kva for endringar du gjer, og ta skjermbilete av proteinet slik at du kan samanlikne effekten av endringane du gjorde.

  • Start prosessen på nytt. Vel Transkriber og deretter Stop etter 12 steg. Dra i biletet slik at du ser heile mRNA-tråden. Trykk på ein av basane kor det har festa seg ein komplementær base, og vel Substitusjonsmutasjon som byter ut ein base med ein annan base. Byt ut basen, vel Vis protein og ta eit skjermbilete av proteinet.
  • Gjenta prosessen med Insersjonsmutasjon som set inn ein ekstra base på DNA-strengen, og Delesjonsmutasjon som fjernar ein base frå DNA-strengen.

Oppgåve 4

No har du 4 skjermbilete av protein. Tre av desse er etter mutasjonane du gjennomførte. Drøft med andre kva verknad dei ulike mutasjonane hadde. Kva for ein av desse tre mutasjonane påverkar proteinsyntesen?

  • Substitusjonsmutasjon
  • Insersjonsmutasjon
  • Delesjonsmutasjon

Oppgåve 5

Vel Translater og beskriv kva du får demonstrert i simuleringa.

Relatert innhald

Fagstoff
Mutasjonar

Skadar på arvestoffet som ikkje blir reparerte kan føre til sjukdom, ulike plager, ein ny eigenskap eller ikkje bli merka i det heile.

Skrive av Hilde Ervik og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 20.08.2020