Arv og evolusjon

Arvematerialet endrar seg
Arvematerialet som eit individ har, er nedarva frå foreldra. Kvart gen blir nedarva uendra frå foreldra, men dei blir kombinerte på nye måtar for alle i søskenflokken. På den måten blir det variasjon i arvematerialet hos alle individa i ein søskenflokk.
Seinare blir arvematerialet påverka av både mutasjonar og epigenetikk gjennom heile levetida. Det betyr at arvematerialet som blir ført til generasjon 2, er litt endra frå det som kom frå foreldra.
Dersom arvematerialet til ein art hadde vore uendra frå generasjon til generasjon, ville det ikkje skjedd evolusjon i den populasjonen.
Kjønna formeiring gir genetisk variasjon

Ved kjønna formeiring blir gen kombinerte på nye måtar, og det genetiske mangfaldet aukar. Om vi ser for oss alle elgkalvar som blei fødde i vår, veit vi at dei har ulik genetisk utrusting fordi dei har fått gena sine frå ulike foreldre. Mange av kalvane vil få mykje omsorg frå elgkua, vekse fort, bli sterke og klare seg godt gjennom den komande vinteren. Andre kalvar kan ha sjukdomsgen, vere svakare, dårlegare tilpassa og kanskje bukke under om det blir ein streng vinter. Då er det størst sjanse for at dei med dei gunstigaste eigenskapane veks opp og får ført dei gunstige gena sine vidare.
Gunstige gen
Gunstige gen kan vere så mangt. Det kan vere både åtferd, synlege eigenskapar og fysiologiske eigenskapar som vi ikkje ser. Det er lett å sjå for seg at kamuflasjefarge, god pels og evne til å skjule seg og til å finne mat har mykje å seie, men eigenskapar som omsorg for avkom og evne til å kommunisere og oppfatte fare er òg viktige for overlevingsevna.
Tilpassingar til miljøet kan skje både utan og med genetiske endringar:
Fenotypiske tilpassingar
Organismar kan tilpasse seg miljøforhold gjennom endringar i fenotypen utan at gena blir endra.

Døme
Mange fjellplantar veks tett inntil bakken for å verne seg mot vind og kulde. Denne vekstforma kan komme av miljøforholda plantane lever under og er derfor eit døme på ei fenotypisk tilpassing. Gena er dei same, men fenotypen blir påverka av miljøet.
Evolusjonære tilpassingar
Evolusjonære tilpassingar skjer derimot når genvariantane i ein populasjon blir endra som følge av naturleg utval, og det tek lengre tid.
Døme

Dersom vintrane blir varmare og snøsesongen blir kortare i fjellet, kan vi rekne med at dei rypene som har kvit fjørdrakt i ein kortare periode, vil ha større sjanse til å overleve fordi dei ikkje blir så synlege for predatorar som rev og rovfugl. Dersom det skjer, vil desse rypene få spreidd gena sine slik at genvarianten som gir denne eigenskapen, blir vanlegare.