Årsplan i naturfag YF – naturbruk

Årsplan for naturfag på naturbruk
Fagressursane i naturfag frå NDLA dekker heile læreplanen (LK20). Dette inkluderer dei grunnleggande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med nytt og spennande fagstoff håper vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.
Vi har laga eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenker til eit utval fagressursar for kvart emne.
Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at han enkelt kan tilpassast ulike elevgrupper og skulen sin eigen årsplan.
Læreplantilknytinga er lagd inn periodevis for dei ulike emna, og vi viser til ho ved starten av eit nytt emne.
- I planen har vi lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege temaa i tilknyting til fleire av dei eigne emna i naturfaget. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fem veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.
Kompetansemålet "utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar" er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i vekene 18–20, men dette er det enkelt å justere.
Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF
- Årsplan naturfag vg1 NA(DOCX)
Årsplan naturfag vg1 NA
Relatert innhald
Nettside hos udir.no