Årsplan i naturfag påbygg

Årsplan for naturfag på påbygg
Fagressursane i naturfag frå NDLA dekker heile læreplanen. Dette inkluderer dei grunnleggande ferdigeitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med spennande fagstoff håper vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.
Vi har laga eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenker til fagressursar for kvart emne.
Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at han enkelt kan tilpassast til ulike elevgrupper og årsplanen ved skulen.
I forslaget vårt har vi sett av tid til jobbing med tverrfaglege tema i veke 50. Prøv gjerne å finne tid til tverrfaglege tema elles i skuleåret også.
Elevane må ha ferdigheiter i emnet Programmering før dei kan bruke desse ferdigheitene for å arbeide med kompetansemålet "vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen". Det er derfor tilrådd å introdusere emnet om programmering tidleg i skuleåret.
Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF
- Årsplan naturfag påbygg(DOCX)
Årsplan naturfag påbygg
Relatert innhald
Nettside hos udir.no