Klimaendringar påverkar mangfaldet - Naturfag (NA) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Klimaendringar påverkar mangfaldet

Klimaendringar endrar økosystema og påverkar livsvilkåra til små og store organismar på jorda. Artar må anten flytte, tilpasse seg endringane eller risikere å døy ut.
Film med tittelen «Påvirker klimaendringer evolusjon og mangfold?». Video: Thomas Bedin, Kristin Bøhle, Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Klimaendringar tok knekken på dinosaurane

I løpet av dei 3,5 milliardar åra jorda har eksistert, har klimaet endra seg mange gonger, men endringane har vanlegvis vore langsame.

Då dinosaurane levde på jorda for 65 millionar år sidan, endra klimaet seg veldig raskt på kort tid. Ein enorm meteoritt slo ned på jorda, og ei gigantisk støvsky blei kvervla opp. Støvskya skygde for sola og førte til ei rask nedkjøling av klimaet. Dinosaurane rakk ikkje å tilpasse seg til denne miljøendringa, og dei aller fleste døydde ut.

Konsekvensar av klimaendringar

I dag er ikkje klimaendringane like raske som på dinosaurane si tid, men dei skjer likevel mykje raskare no enn det vi nokon gong har målt.

I Noreg vil klimaendringar gi høgare temperaturar, meir nedbør og surare hav. Dette får konsekvensar, for plantar og dyr stiller bestemte krav til områda dei lever i. Kor store konsekvensane blir, avheng av kor store klimaendringane blir, og i kva grad artane klarer å tilpasse seg.

Viktige effektar av klimaendringar på naturen i Noreg kan vere

  • tidlegare blomstring
  • at tre kan vekse høgare til fjells
  • at trekkfuglane kjem tidlegare
  • at spreiinga av framande artar aukar
  • at dyreplankton, fisk og sjøfugl flyttar seg nordover
  • at planteplankton blomstrar opp tidlegare om våren
  • at økosystem som er tilpassa snø eller trelaus tundra, blir færre og mindre
  • at havforsuring kan påverke viktige planktonartar og skaldyr negativt

Artar må tilpasse seg

Artar som blir negativt påverka av klimaendringar, kan

  • flytte til eit anna område
  • tilpasse seg til dei nye omgivnadene

    • endre utsjånad og åtferd (fenotypisk plastisitet)
    • gjennomgå evolusjon (arvelege endringar i genmaterialet)

Flytte til eit anna leveområde

Viss ein art ikkje har moglegheit til å tilpasse seg til endringane i omgivnadene, kan løysinga vere å flytte på seg. Det er store forskjellar på kor langt ulike typar dyr og plantar er i stand til å flytte seg. Spørsmålet er om artane flyttar seg raskt nok.

Nedbygging av natur gjer det vanskelegare for mange artar å flytte på seg, og det blir færre stader å flytte til. Oppdeling av leveområde gir fleire små område, og desse gir ikkje livsgrunnlag for like store populasjonar som eit større område gjer. Det genetiske mangfaldet vil vere mindre i små leveområde enn i store. Det gjer populasjonane mindre tilpassingsdyktige og meir sårbare.

Artar som lever i høgfjellet, kan gå oppover i høgda for å finne nye område, men det vil vere avgrensa kor høgt det er mogleg å etablere seg.

Framande artar gir auka konkurranse

Eit varmare klima gjer at artar kan etablere seg i område som dei tidlegare ikkje var tilpassa til å leve i.

Når nye artar etablerer seg, blir det hardare konkurranse om ressursane i desse områda. Artar som er her i utgangspunktet, må anten tilpasse seg den nye situasjonen eller flytte til eit anna område.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020