Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Vurder miljøtilstanden i vatn og vassdrag

Utforsk vasskvaliteten i innsjøar og vassdrag med Miljødirektoratets Vannmiljø-kart. Samanlikn biotiske og abiotiske faktorar på tvers av ulike lokalitetar, og analyser korleis geografiske og menneskeskapte forhold påverkar vassmiljøet. Korleis er tilstanden der du bur?

Undersøk vassøkosystem

Miljødirektoratets temakart for vassmiljø gir informasjon om biotiske forhold, som fisk, plankton og algar, og abiotiske forhold, som temperatur, pH og oksygeninnhald, i innsjøar, elver og havområde. I denne oppgåva skal du bruke dette kartet til å finne informasjon om vassøkosystem i nærleiken av heimstaden din eller ein annan stad du har tilknyting til.

Slik bruker du kartet

Dei ulike lokalitetane er markerte med sirklar med ulike fargar. Blå og grøne sirklar viser kvar ein overvakte heile økosystemet, altså kvar ein har gjennomført målingar av både biotiske og abiotiske forhold.

Du må rekne med å leite litt for å finne lokalitetar som kan samanliknast. Målingane kan eksporterast til rekneark.

1. Vel ein lokalitet du vil undersøke. Tips: Mørkeblå sirklar viser undersøkingar av store innsjøar. Her er det ofte gjort mange målingar, så her vil du sannsynlegvis finne mykje data, til dømes desse innsjøane:

Gjende

Iešjávri

Mjøsa

Selbusjøen

2. Vel "Vis" ved "Faktaark".

3. Vel ein eller fleire parameterar som du vil sjå nærare på.

Oppgåver

  1. Vel ut nokre innsjøar som du samanliknar nokre sjølvvalde parametrar for. Vel til dømes innsjøar som

    • ligg i same kommune
    • ligg i ulike delar av landet (ulike økoregionar)
    • tilhøyrer ulike klimaregionar (høgde over havet)
    • har ulik storleik
    • har ulik djupne
    • ligg nær tettgrend, industri eller anna
  2. Lag ei oversikt som gjer det lett å samanlikne tilstanden i ulike innsjøar. De kan til dømes lage grafiske framstillingar som viser måleverdiar over tid på same lokalitet, eller som samanliknar ulike lokalitetar. Finn ut korleis dei ulike parameterane kan påverke plante- og dyrelivet i vatnet.

    Bruk vasskvalitetstabellen hos Miljolare.no til å vurdere om innsjøen er påverka av til dømes overgjødsling, sur nedbør eller miljøgifter. For å vurdere førekomsten av miljøgifter kan de bruke grenseverdiane i tabell 3.1 og 3.3 i Grenseverdier for klassifisering av vatn, sediment og biota frå Miljødirektoratet.

  3. Presenter det de finn ut, for kvarandre eller for andre på skulen. De kan til dømes lage ei utstilling med plakatar eller setje saman ein digital presentasjon med det de har funne ut.

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 31.03.2025