Grunneigaren sitt vindturbindilemma - Naturfag (NA) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Grunneigaren sitt vindturbindilemma

Vindturbinar gir ny og rein energi, men påverkar òg naturen, dyrelivet, lokalbefolkninga og næringsaktivitetar. Skal grunneigaren seie ja eller nei til utbygging av vindturbinar på eigedomen sin? Hjelp grunneigaren med å ta eit val i dilemmaet.

I denne oppgåva skal du utforske dine eigne og klassen sine haldningar til vindturbinar. Du skal finne kunnskap om fordelar og ulemper med vindturbinar, knytt til fleire interesser. Denne kunnskapen treng du når du skal argumentere og hjelpe grunneigaren til å kome til ein konklusjon.

Del 1. Ta nokre val for denne casen

Du er grunneigar i området der vindturbinane skal plasserast og har interesser i nokre næringsaktivitetar som blir påverka av vindturbinane. Klimaendringane har du allereie merka på kroppen. Du ser med bekymring på utviklinga og har fått eit personleg engasjement for å utvikle fleire måtar å produsere rein energi på.

Du blir tilbydd ein pen erstatningssum for å frigjere areal til vindturbinane. Pengane vil du kunne bruke til å investere i tiltak som vil vere bra for miljøet. Dessutan har andre i familien interesse i at det blir utbetalt ein stor erstatningssum.

På den andre sida ønskjer eit av barna dine å ta over eigedomen. Det vaksne barnet ditt har planar som ikkje vil kunne gjennomførast viss det blir sett opp vindturbinar. Han eller ho ønskjer å ta over og drive eigedomen vidare slik han er i dag. Du opplever at dette kan utvikle seg til ein familiekonflikt.

Det er ein del fuglar i området som vil bli forstyrra i hekkinga, og som kan bli negativt påverka av vindturbinane. Området er òg eit populært turområde, og lokalbefolkninga har oppretta protestgrupper mot vindturbinane.

Bestem deg for desse vilkåra

  1. Vel deg eit område du kjenner godt. Sjå for deg at vindturbinane skal setjast der.
  2. Grunneigaren har næringsinteresser som blir påverka av vindturbinane. Kva for interesser? Er vindturbinane ein fordel eller ulempe? Vel éin eller fleire relevante næringar for programområdet ditt.
  3. Korleis har grunneigaren merka klimaendringane på kroppen?
  4. Kva miljøtiltak vil grunneigaren investere erstatningssummen i?
  5. Sjå for deg at du er det vaksne barnet som vil ta over eigedomen. Korleis vil vindturbinane hindre planane dine?
  6. På kva måte kan dei ulike interessene i familien skape konfliktar?
  7. Kva innvendingar har lokalbefolkninga? Er det nokon i lokalbefolkninga som ønskjer at det skal byggjast vindturbinar? Kvifor?

Del 2. Vel arbeidsmåte

Alternativ 1. Lag ein konklusjon

Hjelp grunneigaren med å ta ein val. Kva skal grunneigaren gjere? Skal grunneigaren tilby arealet eller kjempe i mot? Kva taler for eller i mot? Kva problem og løysningar/moglegheiter står grunneigaren overfor? Grunngi.

Alternativ 2. Diskuter påstandar

  1. Spør eleven ved sida av deg kva han eller ho meiner. Lytt utan å argumentere mot eller med.
  2. "Vindturbinar på land er noko av det mest miljøvenlege vi har." Kva meiner du om denne påstanden? Grunngi. Bruk gjerne skjemaet.

Alternativ 3. Undersøk fakta

Vel deg éin eller fleire næringsinteresser i naturbruk. Kor ille er det eigentleg for naturbruksnæringane med vindturbinar på land? Finst det fordelar?

Finn ut korleis vindturbinar påverkar ulike næringsinteresser. Noter ned det du finn ut. Hugs å ta vare på lenkja du har tatt informasjonen frå. Finn gjerne pålitelege kjelder sjølv.

Relatert innhald

Fagstoff
Informasjonskjelder og kjeldekritikk

Kva for kjelder kan vi stole på, og kan vi bruke dei som vi vil? Vi treng kompetanse i å søke informasjon og vere i stand til å vurdere kvaliteten.

Skrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2020