Fagstoff
Årsplan i naturfag YF – informasjonsteknologi og medieproduksjon
Det er mange måtar å nå eit mål på. Her kjem eit forslag til korleis du kan planlegge kommande skuleår etter læreplanen ved hjelp av fagressursane NDLA tilbyr i naturfag.

Årsplan for naturfag på informasjonsteknologi og medieproduksjon
Fagressursane i naturfag frå NDLA dekker heile læreplanen. Dette omfattar dei grunnleggande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med variert og spennande fagstoff håper vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.
Vi har utarbeidd eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenker til eit utval fagressursar for kvart emne.
Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at han enkelt kan tilpassast ulike elevgrupper og årsplanen ved skulen.
- Læreplantilknytinga er lagd inn periodevis for dei ulike emna og blir vist til ved starten av eit nytt emne.
- I planen har vi lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege temaa i tilknyting til fleire av dei eigne emna i naturfaget. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fire veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.
- Kompetansemålet "utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar" er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i vekene 18, 19 og 20, men dette er det enkelt å justere.
Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF
- Årsplan naturfag vg1 IM(DOCX)
Årsplan naturfag vg1 IM
Relatert innhald
Læreplan i naturfag (NAT01-04) informasjonsteknologi og medieproduksjon
Nettside hos udir.no