Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Årsplan i naturfag SF

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her er eit forslag til korleis du kan planlegge det kommande skuleåret etter læreplanen ved hjelp av fagressursane som blir tilbodne av NDLA i naturfag.

Fagressursane dekker heile læreplanen

Fagressursane i naturfag frå NDLA dekker heile læreplanen. Dette inkluderer dei grunnleggande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med variert og spennande fagstoff håper vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.

Årsplan naturfag SF

Vi har laga eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenker til fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at de enkelt kan tilpasse han til ulike elevgrupper og årsplanen ved skulen.

  • I planen er det lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege temaa i tilknyting til fleire av emna i naturfaget. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fem veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.

  • Kompetansemålet "utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar" er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i veke 1 under emnet bølger, energi og stråling, men dette kan enkelt justerast og bli tilpassa til andre emne.
  • For å kunne arbeide med kompetansemålet "vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen" må elevane ha ferdigheiter i emnet programmering før dei kan bruke desse ferdigheitene i naturfaget. Det er derfor tilrådd å introdusere emnet programmering tidleg i skuleåret.

Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF

  • Årsplan naturfag Vg1 SF

  • Relatert innhald

    Skrive av Camilla Øvstebø.
    Sist oppdatert 10.08.2025