Stoff i kosmetiske produkt

Innhaldet i kosmetiske produkt
Kosmetikk inkluderer mellom anna hudpleiemiddel, parfymar, deodorantar, leppestiftar, augemaskara, naglelakk, hårprodukt til farging og styling, ulike typar såpe og sjampo.
Nokre av dei vanlegaste bestanddelane vi finn i kosmetikk, er
- løysemiddel
- konserveringsmiddel
- fortjukkingsmiddel
- emulgatorar
- oljer, vaselin og voks
- pH-regulerande middel
Løysemiddel

Løysemiddelet er stoffet vi bruker for å løyse opp andre stoff som vi ønskjer at skal vere ein del av produktet. Eit løysemiddel må ha like eigenskapar som det stoffet det skal løyse opp. Hugseregelen «likt løyser likt» peikar på nettopp dette. Det er vanleg å dele løysemidla inn i vassløyselege og feittløyselege.
Vassløyselege
Vatn og etanol er mykje brukt som løysemiddel i kosmetikk. Begge er polare og kan løyse opp andre polare stoff.
Feittløyselege
Alle typar olje vil eigne seg godt til å løyse opp andre feittstoff. Oljer og feittstoff er upolare. Parafinvoks er mykje brukt i kremar.
Konserveringsmiddel forlengjer haldbarheita
Konserveringsmiddel er stoff som forlengjer haldbarheita til produktet ved å hindre at det blir øydelagt av mikroorganismar som bakteriar, mugg og gjær. Feitthaldige kremar som blir ståande for lenge, kan harskne. Feittet i kremen reagerer med oksygen eller fukt i lufta og blir brote ned. Det blir danna sambindingar som luktar og smakar vondt.
Døme: paraben, metylisothiazolinon (MI)
Fortjukkingsmiddel gjer produktet meir tjuktflytande
Fortjukkingsmiddel er stoff som blir tilsette for å gjere produktet meir tjuktflytande.
Døme: carbomer (cellulosederivat), glyserol, hydroksyetylcellulose
Emulgatorar gjer at vatn og feitt kan blandast
Ein emulgator (òg kalla eit tensid) er eit stoff som blir brukt for å lage blandingar av stoff som i utgangspunktet ikkje er blandbare. Med ein emulgator kan vi til dømes få olje og vatn til å blande seg. Blandinga vi får, kallar vi ein emulsjon. I emulsjonen er olja finfordelt i vatnet.
Emulgatorar består av molekyl med ein vassløyseleg og ein lang feittløyseleg del. Den feittløyselege delen festar seg i feittet, mens den vassløyselege delen legg seg mot vatnet. På den måten kan dei små feittdropane (micellene) «løysast» i vatnet.
Blant dei kunstig framstilte emulgatorane kan vi nemne ulike typar såper. Blant dei naturlege er lecitin det mest kjende. Mange protein verkar som emulgatorar, slik som mjølkeproteinet kasein.
Døme: etoksylert feittalkohol
Figuren viser ulike typar emulgatorar (tensid) som blir brukte i vaskemiddel og sjampo.
Type | Funksjon | Døme |
|---|---|---|
ikkje-ioniske | vaskemiddel | kokosfeittsyre, dietanolamid, stearylalkohol |
anioniske | fuktemiddel | ammoniumlaurylsulfat |
kationiske | mjukgjering og skyljing | stearamidopropyl dimethylamin |
amfotære | skumdannande | betainderivat |
Pleiande ingrediensar

Pleiande ingrediensar skal hjelpe til med å beskytte den naturlege kjemien til huda. Om det dreier seg om hår, er funksjonen til dei pleiande ingrediensane å bidra til å byggje opp håret og gjere det sterkare.
Døme: silikon, cellulose, ulike protein, planteekstraktar
Parfyme
Parfyme skal gi produktet ei god lukt.
Farge
Nokre produkt blir tilsette fargestoff for at dei skal sjå tiltalande ut. Andre gonger har fargestoffet ein viktig funksjon, som i hårfargemiddel og sjølvbruningsprodukt.
Oljer, vaselin og voks held huda mjuk
Oljer, vaselin og voks hjelper til med å beskytte huda og halde ho mjuk og smidig. Oljer med god lukt blir brukte i parfymar (eteriske oljer). Dei er òg med på å gjere dei kosmetiske produkta passe harde eller mjuke.
Oljer
Jojobaolje blir utvunnen av frøa frå visse ørkenbuskar. I kosmetikk-industrien blir ho brukt som erstatning for olje frå spermkval.
Kokosolje blir utvunnen av det tørka kjøtet frå kokosnøtta. Kokosolje blir brukt i såpe, kosmetikk, toalettpreparat og anna.
Palmeolje blir utvunnen av kjøtet frå oljepalmen. Palmeolje blir brukt i såpeproduksjon og i kosmetikk- og toalettpreparat.
Lanolin blir utvunnen ved reinsing av ullfeitt og har ein salveaktig konsistens. Vasshaldig lanolin blir for det meste brukt til framstilling av salver og kosmetikk.
Flyktige vegetabilske oljer blir brukte som råstoff i parfymeindustrien. Døme er sitron-, kamfer-, lavendel-, rose- og peparmynteolje.
Vaselin
Vaselin blir laga av råolje. Han er ikkje løyseleg i vatn, han tek ikkje opp vatn, og han kan heller ikkje vaskast bort med vatn. Han er tungt oppløyseleg i alkohol, men løyser seg lett i planteoljer. Sidan vaselin ikkje inneheld nokon feittsyrer, er det kjemisk sett ikkje eit feittstoff. Mangelen på feittsyrer gjer at vaselin ikkje kan ta opp oksygen frå lufta og difor heller ikkje harskne. I kosmetikk blir det berre brukt reinsa vaselin, som er kvit eller gul, og sidan stoffet i utgangspunktet ikkje inneheld noka form for vitamin, blir det ofte tilsett vitamin. Brukt i hudpleiemiddel har vaselinen følgjande fordelar: Han er billeg, haldbar og nøytral. Stoffet blir ikkje teke opp av huda, men legg seg som eit vernande lag utanpå.
Voks
Voks kan vere mineralsk (parafinvoks), animalsk (bivoks) eller vegetabilsk (palmeoljevoks). Voks er esterar av lengre feittsyrer med ein langkjeda basisk alkohol (ikkje glyserol). Voks er vanlegvis hardare enn feitt. Ofte blir vassløyseleg voks nytta til framstilling av kosmetikk.
Surleiksregulerande middel
Som surleiksregulerande (pH-regulerande) middel er det vanleg å bruke sitronsyre og mjølkesyre. Funksjonen til desse midla er å justere pH-en i produktet slik at han er på det nivået ein ønskjer, til dømes nær pH-en til huda.
Stabilisatorar
For at eit produkt skal halde seg stabilt over tid (til dømes behalde konsistensen), kan vi tilsetje ein stabilisator. Hydrogenperoksid blir brukt i bleikjemiddel for hår, men hydrogenperoksid er ustabilt og blir brote ned i kontakt med lys. For å bremse opp denne prosessen tilset ein gjerne stabilisatoren natriumstannat.