Repetisjonsoppgåver om kosmetikk

Generelt om kosmetikk
Kva betyr ordet "kosmetikk"?
Gi døme på nokre kosmetiske produkt.
Kva siktar ein til med hugseregelen "likt løyser likt"?
Kvifor blir ikkje olje og vatn blanda?
Teikn og forklar korleis ein emulgator verkar i ei blanding av olje og vatn.
Kva siktar ein til med pH? Forklar korleis pH-skalaen er bygd opp.
Kva er den naturlege pH-verdien til kroppen?
Forklar funksjonen til desse ingrediensane som blir brukte i kosmetikk:
løysemiddel
konserveringsmiddel
fortjukkingsmiddel
emulgator
oljar, vaselin og voks
surleiksregulerande middel
Hudkrem
Desse oppgåvene handlar om hudkrem. Ta utgangspunkt i hudkrem du har laga sjølv. Viss du ikkje har laget hudkrem sjølv, kan du bruke oppskrifta under når du svarer på spørsmåla.
Spørsmål
Kva er hovudingrediensane i ein hudkrem?
Kva er formålet med ein hudkrem?
Kremen kan oppbevarast i omtrent tre månader i kjøleskap, men berre i rundt éin månad i romtemperatur. Kvifor trur du at kremen held seg lenger når han står i kjøleskap?
Kva stoff i oppskrifta utgjer feittfasen i kremen? Kva stoff i oppskrifta utgjer vassfasen i kremen?
Korleis trur du det vil påverke kremen viss du forandrar mengdeforholdet mellom vatn og feitt – til dømes ved å bruke meir vatn og mindre olje, eller omvend?
Kremen har avgrensa haldbarheit fordi han ikkje inneheld konserveringsmiddel. Kva er formålet med å tilsetje eit konserveringsmiddel i ein krem?
Såpe
Desse oppgåvene handlar om såpe. Ta utgangspunkt i såpe du har laga sjølv. Viss du ikkje har laga såpe sjølv, kan du bruke oppskrifta under når du svarer på spørsmåla.
Spørsmål
Såpa må herde i fleire veker før bruk. Kva skjer med såpa i denne perioden, og korleis trur du dette påverkar konsistensen og kor mild ho blir mot huda?
Kokosolje og olivenolje har ulike eigenskapar som påverkar kvaliteten på såpa. Kva trur du kokosolje bidreg med, og kva bidreg olivenolje med i den ferdige såpa?
Kva skjer kjemisk når du blandar feitt og lut i såpeproduksjon? Kva blir resultatet av denne reaksjonen, og korleis gjer det såpa i stand til å vaske bort feitt og skit?
Korleis trur du det påverkar skumdanning, hardleik og reingjeringsevne i såpa viss du forandrar forholdet mellom kokosolje og olivenolje?
Relatert innhald
Hudkrem kan lagast av enkle og billige ingrediensar, og det er morosamt å smørje seg med noko som ein har laga sjølv. Her er oppskrifta.
Lag ei såpe av feitt og lut og undersøk kva eigenskapar ho har.