Oppdrag: Handlenett av bomull blir forbode! - Naturfag (FD) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppdrag: Handlenett av bomull blir forbode!

Ein dag vaknar du til nyheita om at handlenett av bomull skal bli forbode! Etter at du har kome deg over det verste sjokket, bestemmer du deg for å finne ut meir om bakgrunnen for forbodet. Er dette verkeleg ein god idé?

Oppgåve 1. Finn argument

Finn argument for og mot handlenett av bomull. Bruk gode kjelder som du finn sjølv, eller bruk dei som ligg under «Ressursar».

Oppgåve 2. Få oversikt over argumenta

  1. Skriv inn argumenta der du meiner dei høyrer heime, i oversikta under.
  2. Lag ei oppsummering der du veg argumenta opp mot kvarandre og lagar ein konklusjon basert på kor gode argumenta er. Er det riktig å forby handlenett av bomull?

Kjelder

Laitala, K., Klepp, I.G., Henry, B. (2017). Use phase of apparel. Literature review for Life Cycle Assessment with focus on wool (Fagrapport 6/2017). Henta frå https://www.researchgate.net/profile/kirsi_laitala/publication/323551373_use_phase_of_apparel_a_literature_review_for_life_cycle_assessment_with_focus_on_wool/links/5a9d0ccf0f7e9be3796866c8/use-phase-of-apparel-a-literature-review-for-life-cycle-assessment-with-focus-on-wool.PDF

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020