Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Ansvarlege kleskjeder?

Fleire kleskjeder hevdar at dei er opptekne av berekraft. Kvifor hevdar dei det, og kva inneber det?

Oppgåve 1. Korleis viser kleskjedene at dei er opptekne av berekraft?

  1. Lag ei oversikt over kleskjeder du kjenner til.

  2. Kor viktig er det for dykk at kleda de kjøper, er produserte på ein berekraftig måte?

  3. Finn ut kven som hevdar at dei er opptekne av berekraft. Korleis får dei fram dette til kundane?
  4. Lag ei oppsummering av kva kleskjeder legg i berekraft. Er det nokre kleskjeder som skil seg ut?
  5. Korleis kan kleskjedene dokumentere at dei tek omsyn til berekraft?

  6. Finn ut kva åpenhetsloven er. Kva krav stiller lova til større verksemder?

  7. Korleis bruker kjedene openheitsrapportar, sertifiseringar og sporbarheit for å dokumentere berekraftsarbeidet sitt?

  8. I nokre kleskjeder kan du levere inn brukte klede mot at du får ein rabattkupong i butikken. Diskuter fordelar og ulemper med ei slik ordning.

Oppgåve 2. Kor mykje er du villig til å betale for berekraft?

  1. Planlegg ei avstemming eller ei spørjeundersøking der de prøver å kartlegge kor mykje meir de er villige til å betale for eit produkt som oppfyller bestemde berekraftskrav.
  2. Test ut opplegget på dei andre i klassen eller resten av skulen. Bruk sosiale medium for å nå ut til eit større publikum.

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 23.11.2026