Livsstilen din

Bakgrunn
Det er godt dokumentert at livsstilen vår, som omfattar mellom anna fysisk aktivitet og kosthald, har mykje å seie for helsa vår. Ein av dei verkeleg store helseutfordringane i dagens samfunn er inaktivitet i kvardagen. Endringar i reisevanar og arbeidsrutinar, tilgang til informasjon på internett og lettvinte løysingar på mange område gjer at vi beveger oss mindre og mindre. Talet på personar med fedmeproblem aukar faretruande i befolkninga. Derfor er det viktig å bli bevisst.

Oppgåve
Målet med oppgåva er at du gjennom auka bevisstgjering om din eigen livsstil skal kunne skape gode vanar i kvardagen – og på den måten få best mogleg livskvalitet.
I denne oppgåva skal du
- bli bevisst på og loggføre aktivitetsnivå, skjermtid, søvnrytme og kosthald i 4–7 døgn ved hjelp av oppgåver og eit eige registreringsskjema lenger ned (Livsstilen din – oppgåver og loggføring).
- innhente relevant bakgrunnsteori og lage ei grafisk framstilling av eigne resultat ved å bruke statistikk
- skrive rapport der du sjølv vurderer eigne resultat og samanliknar dei med nasjonale tilrådingar og data frå Ung-HUNT. Bruk reknearket Ung-HUNT-data.
- Ung-HUNT-data_NN(XLSX)
Rapporten skal innehalde
- relevant bakgrunnsteori som omhandlar nasjonale tilrådingar for søvnbehov, skjermtid, kosthald og fysisk aktivitet
- beskriving av metode for innhenting av eigne data
- grafisk framstilling av eigne resultat
- drøfting av og refleksjon over eigne resultat samanlikna med nasjonale tilrådingar og Ung-HUNT-data
- kjeldetilvisingar
Rettleiing til læraren
Livsstilen vår blir påverka av dei vala vi tek i kvardagen, men også av sosiale faktorar. Dette omfattar forholdet elevane har til seg sjølve, til andre og til det sosiale miljøet i klassen, i heimen og på fritida. Dette er det viktig å vere klar over når du skal rettleie elevar i denne oppgåva.
Oppgåva er berekna å ta cirka 15 undervisningstimar, som gjerne kan fordelast over tre veker. Ho er godt eigna som ei tverrfagleg oppgåve i faga kroppsøving, naturfag og matematikk.
Vedlagt ligg spørjeskjemaet til Ung-HUNT. Det kan brukast til å gjennomføre undersøkinga i klassen. Resultata frå klasseundersøkinga kan brukast på fleire måtar:
- Du kan rettleie elevane i korleis dei kan framstille eigne resultat ved bruk av statistikk.
- Du kan tilpasse oppgåva og gjere ho meir generell: Elevane kan, i staden for å samanlikne eigne data, samanlikne dataa frå klassen med nasjonale tilrådingar og Ung-HUNT-data.
- Du kan tilpasse oppgåva og gjere ho endå meir omfattande: Elevane kan, i tillegg til å samanlikne eigne resultat, også samanlikne dataa frå klassen med nasjonale tilrådingar og Ung-HUNT-data.
Relatert innhald
Livsstilen din er summen av alle vala du tek kvar dag – val som kva du skal ete, drikke, kor mykje du skal sove, og kor aktiv du skal vere.
Nettside hos kostholdsplanleggeren.no
Kjelde
NTNU. (u.å.). Om HUNT. Henta 3. juni 2020 frå Om HUNT