Hopp til innhald
Nynorsk

Læringssti

Livsstilsløgner

Laga av Caroline Nesbø Baker, Thomas Bedin, Ragna Marie Tørdal, Marthe Johanne Moe, Karl Henrik Aanesen og Camilla Øvstebø.
Sist oppdatert 18.08.2022
Læringssti

Introduksjon

Det er mange som forsøkjer å påverke livsstilsvala dine i kvardagen. Undersøk korleis livsstilsreklamar og livsstilsinformasjon forsøkjer å påverke deg, og avslør kva som er sant og kva som ikkje stemmer.

I denne læringsstien skal du

  • utforske og reflektere over livsstilsreklame og livsstilsinformasjon og undersøkje han kjeldekritisk
  • utforske og reflektere over livsstilstrendar og samanhengen mellom livsstilstrendar og eit sunt kosthold
  • analysere og samanlikne næringsstoff i matvarer som blir kalla «supermat», med «vanleg» mat
  • lære kva livsstilsreklamar er og analysere dei ved hjelp av omgrep frå retorikken

Denne læringsstien er tverrfagleg, men han er spesielt relevant i faga norsk og naturfag.