Oppgåve
Interaktivt innhald
Forsøk: Eigenskapar til hydrogenperoksid
Hydrogenperoksid er eit stoff som blir brukt i mange hårbleikingsmiddel. Undersøk hydrogenperoksid og bli kjend med eigenskapane til stoffet.

Hydrogenperioksid er eit stoff som er vanleg å bruke i bleikjemiddel og hårfargingsprodukt.
Føremål
De skal bli betre kjende med eigenskapane til hydrogenperoksid.
Oppgåve 1. Risikovurdering av hydrogenperoksid
Bruk sikkerheitsdatabladet til hydrogenperoksid og lag ei risikovurdering av stoffet.
Oppgåve 2. Bli kjend med hydrogenperoksid
- Bruk eit molekylbyggjesett til å byggje ein modell av hydrogenperoksidmolekylet.
- Dryp nokre dropar hydrogenperoksid på eit stykke farga tøy. Kva observerer de?
- Dryp nokre dropar hydrogenperoksid på ei potetskive. Kva observerer de? Forsøk å forklare det de observerer, med utgangspunkt i dei atomtypane hydrogenperoksid er bygd opp av.
Oppgåve 3. Korleis påverkar hydrogenperoksid håret ditt?
- Ta nokre hårstrå frå hovudet ditt, og legg dei i ein petriskål.
- Tilset nokre dropar . Observer.
- Studer hårstrået i eit mikroskop. Observer hårstrået før og etter de tilset . Beskriv eventuelle endringar, og ta bilete gjennom okularet.
Set saman før- og etter-bileta:
Oppgåve 4. Planlegg eit forsøk med hydrogenperoksid
Planlegg eit forsøk der de undersøkjer kva stoff og materiale som blir bleikte av hydrogenperoksid.
Forslag til stoff de kan teste:
- tekstilar
- plast
- hår
- papir
Forslag til faktorar de kan undersøkje:
- Har mengda nokon å seie for bleikinga?
- Har konsentrasjonen til noko å seie for bleikinga?
- Er bleiking ein reversibel prosess?