Demoforsøk: Trafikklys - Naturfag (FD) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Trafikklys

Få fram fargane i eit trafikklys ved hjelp av oksidasjon og reduksjon.

Utstyr

  • 5 g natriumhydroksid, NaOH
  • 3 g dekstrose
  • 0,1 g indigokarmin
  • begerglas, 250 mL
  • erlenmeyerkoble med kork

Framgangsmåte

  1. Lag to løysingar, A og B.
  2. Løysing A: Løys opp natriumhydroksid i 150 mL destillert vatn i eit
    begerglas.
  3. Løysing B: Løys opp dekstrose i 100 mL destillert vatn i erlenmeyerkolben og tilset indigokarmin.
  4. Tøm natriumhydroksidløysinga over i erlenmeyerkolben og set på korken.
  5. Etter ei lita stund vil du ha ei grøn løysing som vil gå over til raud og til slutt gul. Viss du ristar litt på kolben vil fargen skifte tilbake til raud. Viss du ristar litt meir vil han gå vidare over til grøn. Etter ei lita stund vil fargen gå tilbake igjen.

Ganske enkle løysingar å lage, ikkje nokon farlege løysingar (så lenge ein bruker briller og vasker hendene etterpå), og veldig fascinerande å sjå på!

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019