Demoforsøk: Sukker og svovelsyre - Naturfag (FD) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Demoforsøk: Sukker og svovelsyre

Sukker og svovelsyre reagerer spontant og gir ein svart og røykpustande slange.
Video: NTB Scanpix, Science Photo Library / CC BY-NC-SA 4.0

Utstyr

  • vanleg sukker
  • konsentrert svovelsyre, H2SO4
  • begerglas, 250 mL eller større

Framgangsmåte

  1. Fyll begerglaset 1/4 til 1/3 fullt med sukker.
  2. Tilset litt vatn (ca. 10 mL) og rør rundt. Vatnet gjer at sukkeret klistrar seg saman og reagerer raskare med svovelsyra.
  3. Tilset svovelsyre forsiktig. Bruk hanskar. Mengda er ikkje så nøye, men det held vanlegvis med 20-30 mL.
  4. Rør rundt med ein glasstav. Røyken som stig opp er vatndamp blanda med syrerestar. Restane i glaset er tilnærma reint karbon.
  5. Restane kan skyljast godt med vatn og skyljast ut i vasken/kastast i søpla.

Forsøket kan relaterast til næringsstoff (karbohydrat) i naturfag. Ein kan også diskutere kvifor reaksjonen produserer så mykje varme som han gjer. Det blir utvikla ein del gassar (blant anna syrerestar i vatndamp) som kan vere skadelege/ekle å puste inn. Gjer forsøket i avtrekksskap.

Skrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019