Ansvarlege kleskjeder? - Naturfag (FD) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ansvarlege kleskjeder?

Fleire kleskjeder hevdar at dei er opptekne av berekraft. Kvifor hevdar dei det, og kva inneber det?

Oppgåve 1. Korleis viser kleskjedene at dei er opptekne av berekraft?

  1. Lag ei oversikt over kleskjeder du kjenner til.
  2. Finn ut kva kleskjeder som hevdar at dei er opptekne av berekraft. Korleis får dei fram dette til kundane?
  3. Lag ei oppsummering av kva kleskjeder legg i berekraft. Er det nokre kleskjeder som skil seg ut?
  4. Korleis kan kleskjedene dokumentere at dei tek omsyn til berekraft?
  5. Kor viktig er det for dykk at kleda de kjøper, er produserte på ein berekraftig måte?
  6. I enkelte kleskjeder kan du levere inn brukte klede mot at du får ein rabattkupong i butikken. Diskuter fordelar og ulemper med ei slik ordning.

Oppgåve 2. Kor mykje er du villig til å betale for berekraft?

  1. Planlegg ei avstemming eller ei spørjeundersøking der de prøver å kartleggje kor mykje meir de er villige til å betale for eit produkt som er garantert berekraftig.
  2. Test ut opplegget på dei andre i klassen eller resten av skulen. Bruk sosiale medium for å nå ut til eit større publikum.
Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020