Memory - Naturfag (EL) - NDLA

Hopp til innhald
Spill

Memory

I memory skal du kople saman omgrep med riktig forklaring. Spelet passar for to personar.

Spelereglar

Vedlagd finn du ark med omgrep og omgrepsforklaringar. Skriv ut omgrep og forklaringar i to forskjellige fargar, og klipp opp memory-korta.

  1. Legg alle korta opp ned på bordet, og bland dei.

  2. Den eine spelaren startar med å snu to lappar – ein av kvar farge. Viss forklaringa på det eine ikkje passar saman med omgrepet, legg spelaren dei tilbake med baksida opp. Så er det nestemann sin tur.

  3. Viss forklaringa passar saman med omgrepet, tek spelaren vare på stikket og trekker to nye lappar. Den som har flest stikk til slutt, vinn.

Ekstra utfordring

For å gjere spelet litt meir utfordrande kan de bestemme at omgrepet skal trekkast først. Deretter må spelaren gi ei forklaring på omgrepet før hen kan trekke ein lapp med forklaring.

Lag ditt eige memory-spel

Du kan bruke døma under som utgangspunkt når du skal lage memory-spel som passar til det de jobbar med.

Proteinsyntese

Mutasjonar

Filer

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2023