Denne oppgåva gir eit inntrykk av korleis det er å orientere seg om ein har få sansar. Den eineste "sansen" du har her, er ein pinne du kan stikke i plastilinen med.
Du skal finne ut kva som er inne i plastilinklumpen utan å opne han for å sjå. Undervegs skal du setje opp hypotesar om kva denne gjenstanden kan vere.
Ein teori er, i naturvitskapen, ei grunnleggjande framstilling som det er stor grad av semje om. Ut frå observasjonar stiller forskarar opp hypotesar som dei ønskjer å teste ut. Hypotesar er kvalifiserte gjettingar eller førehandsmeiningar. Deretter utfører dei forsøk for å avsløre om hypotesen er feil. Det kallar vi å falsifisere hypotesen. Dersom forskarar ikkje klarer å falsifisere hypotesen, kan han vise seg å vere rett..