Vitskap og verdsbilete
Naturvitskap og forståinga vår av verda
Tilgang på kunnskap har gjennom historia ført til at menneska stadig har forandra måten dei forstår verda på. Banebrytande oppdagingar som teleskopet, mikroskopet og boktrykkarkunsten har bidrege til at overtru gradvis vart erstatta av kunnskap. Då Galileo Galilei gav oss eit nytt verdsbilete der vi ikkje var i sentrum, og Darwin viste oss at alle artar har eit felles opphav, fekk mennesket eit nytt syn på seg sjølv og sin plass i naturen.
Tenk gjennom!
Kan vi seie at den nye kunnskapen førte til ei slags degradering av mennesket?
Gjekk vi frå å vere toppen av Guds skaparverk, målet med evolusjonen og den ypparste skapningen i sentrum av universet, til å bli ein av mange livsformer i eit utviklingstre – blant potensielt mange sivilisasjonar i universet?
Tidslinje
I denne tidslinja kan du blir meir kjend med korleis verdsbiletet har utvikla seg gjennom tidene.
Naturvitskapen sin metode
Metoden i naturvitskapen går ut på å konstruere teoriar bygde på resultata av repeterbare eksperiment, målingar og observasjonar (Grøn, 2016). Resultat som peiker i same retning, styrker teorien, men det er ikkje mogleg å bevise ein vitskapeleg teori. Han kan berre motbevisast.
Til dømes er evolusjonsteorien bygd på ei enorm mengde kunnskap på mange område, og det er aldri funne noko som ikkje harmonerer med teorien (Wormnæss og Vistne, 1994).
Ærlegdom er eit absolutt krav i vitskapeleg arbeid. Forskarar må vere opne for kritikk og klare til å forsvare funna sine, ofte i heftige debattar som kan gå over fleire år. Det er viktig å forstå denne arbeidsmetoden for å forstå vitskapen (Bradal, 2012).
Motstykket til vitskapeleg arbeid er pseudovitenskap, noko som gir seg ut for å vere vitskapeleg utan å vere det, og politisk argumentasjon der skråsikre påstandar kan serverast utan bevisførsel.
Motstand mot ny kunnskap
Måten vi menneske forstår og forklarer verda rundt oss på, er prega av kultur, religion, filosofi og vitskapelege teoriar som er aksepterte i samtida.
Kampen om sanninga i nyare tid
Det finst mange døme på at ny kunnskap har blitt og blir møtt med hard motstand i nyare tid òg.
Jumping genes
Genetikaren Barbara McClintock (1902–1992) klarte å påvise at gen kunne flytte på seg (jumping genes), og at gen kunne bli skrudde av og på. Ho vart møtt med skepsis og ignorert, sidan funna hennar rokka ved oppfatninga i dåtida av at DNA-et vårt er statisk. Seinare, i 1983, fekk ho Nobelprisen i fysiologi og medisin for oppdagingane sine. Oppdagingane hennar la grunnlaget for epigenetikken, studiet av korleis aktiviteten til gen blir påverka av miljøet, noko som gir oss stadig ny kunnskap om arvestoffet.
Den tause våren – Silent spring

Då den amerikanske biologen Rachel Carson i 1962 gav ut boka Silent spring, vart boka ein bestseljar. Carson beskreiv den øydeleggande effekten av plantevernmiddel, mellom anna DDT, som hopa seg opp i næringskjedene. Kjemikalindustrien gjekk raskt til motangrep. Dei framstilte ho som ein hysterisk amatør som ikkje hadde greie på det ho skreiv om, og dømde boka som ein sentimental overreaksjon basert på utdaterte, romantiske og feminine førestillingar om naturen.
Men Carsons forsking let seg ikkje tilbakevise. Ho etablerte føre var-prinsippet, og snart måtte politikarar, bedrifter og folk flest forhalde seg til miljøvern. Arbeidet hennar vart grunnlaget og inspirasjonen for ein heil generasjon av miljøvernarar, og ho blir rekna som mor til den moderne miljørørsla.
Diskuter
- Kva hendingar og oppdagingar gjennom historia har mennesket opplevd som så store at det har påverka synet vårt på verda, naturen og oss sjølve?
- Kva interesser kan ligge bak når det blir brukt store pengesummar på til dømes å skape tvil om skadeverknadene av tobakk, om at holocaust har funne stad, om at det har skjedd ein evolusjon, og om klimaendringane er eit reelt problem?
Nokon held på gamle teoriar
Jorda og universet
Det finst enno nokon som hevdar at jorda er flat, og at bilete av den runde jorda frå verdsrommet er falske. Andre held fast ved det ptolemeiske verdsbiletet der jorda er i sentrum av universet, mens sola og planetane går i banar rundt jorda. Blant dei mange verdsbileta som har eksistert og blitt forkasta, finst huleverdteorien. Der går livet føre seg på innsida av ei hol kule med sol, måne, planetar og stjerner som svever i holrommet.
Det finst òg ein alternativ teori til big bang-teorien. Teorien, som blir kalla Steady State, går ut på at universet har sett nokolunde likt ut til alle tider. Ideen vart utvikla omkring 1948, men har ikkje så mange tilhengarar (Madsen, 2010).
Kreasjonisme
Kreasjonistane hevdar at universet, verda og alt liv er skapt av ei guddommeleg makt, og dei fornektar at det har skjedd ein evolusjon der artane har utvikla seg frå eit felles opphav. Nokon trur at skapinga skjedde i løpet av seks dagar for cirka 6000 år sidan.
Det er skapingssoger i mange religionar, og trua på skaping (kreasjon) dominert til midt på 1800-talet, før vitskapen om evolusjonen vart kjend. Kreasjonismen oppstod i USA som ein motreaksjon på Darwins evolusjonsteori. Han fekk mange tilhengarar blant konservative fundamentalistiske kristne, men er òg utbreidd innan islam og jødedommen.
I seinare år har kreasjonistiske synspunkt fått ny støtte blant konservative kristne, mellom anna under nemninga Intelligent Design. Som illustrasjonen viser, står kreasjonismen sterkast i Tyrkia, USA og Aust-Europa, men har òg tilhengarar i fleire europeiske land.
Klimafornektarar
Nokon meiner at klimaet er dominert av naturlege variasjonar og blir styrt av sola. "Klimarealistene" kjempar for å motbevise at klimaendringane er menneskeskapte, trass i grundig dokumentasjon og tunge bevis frå 500 av dei leiande klimaforskarane i verda frå 65 land. Klimarealistane er ikkje einige med FNs klimapanel om at utslepp av forandrar klimaet dramatisk (Bru, 2018).
Oppgåver
Relatert innhald
Naturvitskap er ikkje berre kunnskap og teoriar, men og metodar som sikrar at forskinga er godt dokumentert og etterprøvbar.
Her skal du velje oppdagingar eller hendingar som du meiner har skapt dei største endringane i menneska sine liv, synet vårt på verda og på oss sjølve.



