Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Eigenskapane til ulike typar plast

Undersøk eigenskapane til ulike typar plast. Finn eigenskapar som er karakteristiske for dei ulike typane, og bruk dette til å bestemme plasttypen til "ukjente" plastar.

Hensikt

I dette forsøket skal du undersøke og samanlikne eigenskapane til ulike typar plast.

Utstyr

Utstyr
  • bitar av ulike typar plast
  • 1:1-løysning av vatn og etanol
  • 10 % NaCl-løysning (10 g salt i 90 mL vatn)
  • 3 (små) reagensrøyr
  • rørestav
  • vassflaske med destillert vatn
  • 3 begerglas

Framgangsmåte

Del A. Fysiske kjenneteikn hos ulike typar plast


  1. Gjer deg kjent med ulike typar plast. Bruk plastnummeret eller gjenvinningssymbolet som produktet er merka med til å finne ut kva plasttype du undersøker.
  2. Observer klarleik, hardleik og fleksibilitet.

Del B. Tettleik

  1. Gjer klar tre løysningar med ulik tettleik:

    1. 1:1 etanol og vatn (0,94 g/cm³)
    2. destillert vatn (1,0 g/cm³)
    3. 10 % NaCl-løysning (1,08 g/g/cm³)
  2. Merk 3 reagensrøyr med A, B og C.
  3. Tilsett 3 mL løysning til kvart av røyra.
  4. Legg ein liten plastbit i kvart av røyra. Bruk ein glasstav til å dytte bitane under væskeoverflata. Overflatespenninga til væska gjer at plastbitane vil flyte, uansett løysning.
  5. Observer om plastbiten
    1. søkk raskt
    2. søkk langsamt
    3. flyt på overflata
    4. flyt under overflata (men søkk ikkje til botn)

    Viss plastbiten flyt, så er tettleiken til plasten mindre enn tettleiken til løysninga.
    Viss plastbiten søkk, så er tettleiken til plasten større enn tettleiken til løysninga.

  6. Registrer observasjonane de gjer, i ein tabell.

Del C. Bruk det du observerer, til å samanlikne tettleiken til dei ulike plasttypane

  1. Jobb saman med ein annan.
  2. Gjer klar bitar av ulike typar plast utan at den andre ser kva type plast det er.
  3. Kan de bruke det de har funne ut til å avsløre kva plasttypar som er kva?
Rettshavar: LibreTexts
Sist fagleg oppdatert 30.09.2019