Skogsdrift: Hogst og køyring av tømmer (i 360) - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skogsdrift: Hogst og køyring av tømmer (i 360)

I denne interaktive 360-ressursen kan du ved hjelp av bilete, filmar og tekstar lære om korleis skogsdrift går føre seg. Lykke til med utforskinga!
Korleis utforske skogsdrifta

Vel fullskjerm øvst til høgre og flytt deg mellom dei ulike scenene ved å klikke på pilane. Sjå deg rundt og klikk på pluss-ikona, tekstane og filmane for å få meir informasjon. For å få informasjon om staden der du står, klikkar du på i-ikonet nede til venstre. For å komme tilbake til opningsscena klikkar på huset nede til venstre.

Maskinell skogsdrift står for det meste av avverknaden i Noreg i dag. Hogstmaskina feller og kvistar treet og kappar tømmeret. Årleg blir det hogge mellom 9 og 11 millionar kubikk tømmer i Noreg. Hogstmaskiner tek seg av hogsten av omtrent 95 prosent av dette volumet.

Tømmeret blir køyrt til skogsbilveg med lassberar. På velteplassen ved vegen blir tømmeret lagt opp i veltar (eller lunner). Dei ulike sortimenta blir lagde i kvar sine lunner. Tømmeret skal ligge slik at tømmerbilen kan stå på vegen og lesse opp med kran.

Under arbeidet skal det takast omsyn til miljøet, og skogbruket følger eigne miljøstandardar for korleis arbeidet skal utførast.

Bileta og filmane i denne ressursen er frå hogst og køyring utført i undervisningssituasjon ved Solør videregående skole Sønsterud. Takk til elevar og lærarar som har bidrege.

Relatert innhald

Fagstoff
Frå skog til trelast

I dette emnet følger vi prosessen frå treet blir planta i skogen til det blir hogge, omarbeidd i industrien og endar opp som ferdige byggemateriale.

Skrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2022