Sjukdom og helse - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjukdom og helse

Den som har ansvaret for det daglege stellet av dyra, har ansvaret for å forsøke og hindre at dei vert sjuke – og for å gi dei behandling dersom dei vert sjuke. Dersom husdyr vert alvorleg sjuke og det ikkje lønner seg å behandla dei, skal dyra avlivast så raskt og skånsamt som råd.

I Noreg har vi organiserte helsetenester for storfe, svin, sau, geit og fjørfe. Veterinærar og andre fagfolk jobbar systematisk for å førebyggja sjukdom i nært samarbeid med dei som har det daglege ansvaret for å stella dyra.

Diskuter

  • Nemn tre årsaker til at husdyr kan verta sjuke.
  • Kvifor er det viktig å unngå sjukdom i besetninga?
  • Nemn årsakene til at vi har mindre sjukdom hos husdyr i Noreg enn i andre land.
  • Kva vert gjort for å førebyggja smitte i to besetningar de kjenner til?
  • Kva er årsaka til jurbetennelse?
  • Kva kjem mjølkefeber av?
  • Kva kan vi gjera for å førebyggja ketose?
Skrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018