Ruser, teiner og kilenot - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ruser, teiner og kilenot

Ruser, teiner og kilenot er passive fiskereiskapar som fungerer etter innesperringsprinsippet. I tillegg bruker vi lokkeprinsippet ved å nytte åte. Vi seier òg at reiskapane fungerer etter felleprinsippet. Reiskapane blir brukte både i ferskvatn og sjøvatn, og fangar både fisk og krepsdyr.

Ruser blir helst brukte til å fange ål og torsk.

Teiner blir brukte til krepsdyr som taskekrabbe, kreps, hummar og kongekrabbe, og til til dømes leppefisk, brosmefiskar og torsk. I teinene bruker vi agn for å lokke.

Kilenota blir helst brukt til å fiske etter laks i sjøen.

Omgrep du bør kunne:

  • innesperringsprinsippet
  • lokkeprinsippet
  • felleprinsippet
  • garnmasker
  • panelnett
  • leiegarn
  • kalv
  • ruse
  • teine
  • kilenot
  • havteine
  • krepsdyr
  • fredingstid
  • landgarn

Finn ut:

  • Korleis er ruser, teiner og kilenot brukte i fiske der du bur?
  • Kva lokale ord og omgrep finst?

Kva kan du om ruser, teiner og kilenot? Ta testen!

Relatert innhald

Fagstoff
Krabbefiske

I denne filmen får du sjå kva slags utstyr du treng viss du skal fiske etter krabbe. Du lærer òg kva slags reglar som gjeld for dette fisket.

Skrive av Kyrre Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2017