Ringnot - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ringnot

Ringnot er ein aktiv fiskereiskap som fungerer etter innestengingsprinsippet. Med ringnot fangar vi fisk som går i stim, slik som sild, makrell, brisling, lodde og sei. Ei stor not vert sett rundt stimen og snurpa saman i botnen.

Når fisken er trengd saman i posen ved skutesida, tek vi han om bord ved hjelp av ei fiskepumpe.

Nottypar

Ringnøter finst i ulike storleikar og er bygde opp på litt ulik måte, alt etter kva type fartøy og kva type fisk dei skal brukast til. Ei sildenot kan vera ca. 456 famnar lang og ca. 133 famnar djup. Nøter til makrell, sild og sei kan ha etter måten store masker, ca. 30 omfar. Lodde og brisling må ha ca. 63 omfar.

30 omfar vil seia at maskevidda er på om lag 42 mm. Ein famn er 183 cm. Kor lang og djup er ei sildenot målt i meter? Kva er maskevidda på ei not på 63 omfar? Du finn stoff om omfar og maskevidde under reiskapslære.

Omgrep du bør kunna:

  • ekkolodd
  • sonar
  • aktiv fiskereiskap
  • innestengingsprinsippet
  • stimfisk
  • not
  • famn
  • maskevidde
  • omfar
  • drivanker
  • vinsj
  • Triplex
  • fiskepumpe

Kva kan du om ringnotfiske? Test deg sjølv!

Skrive av Kjell Sigmund Rabben.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2017