Behovet husdyra har for naturleg åtferd
Dessutan reknar vi med at temminga var ein prosess som gjekk gradvis, ved at menneske og dyr fann det fordelaktig å leve nær kvarandre og å dra nytte av kvarandre. Menneska hadde openbert fordel av å utnytte husdyra og produkta deira, som mjølk, kjøtt, egg, ull og skinn. Men i mange tilfelle kan vi sjå for oss at dyra òg erfarte at det var fordelaktig å leve i nærleiken av menneska. Der menneska budde, var det som regel færre rovdyr enn mange andre stader, og det var i mange tilfelle tilgang på matrestar som dyra kunne utnytte. Men i mange situasjonar har det sikkert òg vore slik at dyra vart fanga og haldne innesperra av menneska, som utnytta dei til mat og trekkraft.
Krav til dyrevelferd
Dei nye krava til dyrevelferd fører til at dyra på mange måtar har det betre enn tidlegare. Men nye krav, reglar og driftsformer kan òg skape nye utfordringar. Det er fordi dyra som lever i flokk på tilnærma naturleg vis, etablerer rangordningar innanfor flokken, og i mange tilfelle kan dei som står nedst på rangstigen, bli dårleg behandla av dei andre. Hos storfe kan vi sjå at dei blir stonga og stengde ute frå fôr eller vatn, hos gris kan vi sjå brutal halebiting, og hos fjørfe kan hakkinga av artsfrendar bli svært brutal. Det er ei sjølvsagd plikt for dei som har ansvaret for dyra, å legge til rette for at slike uheldige utslag av det vi kan kalle naturleg åtferd i ein dyreflokk, blir avgrensa i så stor grad som råd.

Naturleg åtferd
Ei anna følge av at det kjem nye krav om å legge til rette for at dyra skal kunne utøve den naturlege åtferda si i større grad enn tidlegare, er at gamle hus og innreiingar må erstattast med nye – i mange tilfelle lenge før dei er utslitne eller nedskrivne. Dette kostar sjølvsagt pengar for bøndene det gjeld. Krav om lausdrift for mjølkekyr eller purker, og krav om utskifting av gamle bur for verpehøns, har kosta og kostar bønder mykje pengar. Det er derfor viktig at nye reglar blir innførte gradvis og med rimeleg lange overgangsordningar, og at det i ein del tilfelle blir gitt støtte til ombygging eller ominnreiing. Men for næringa som heilskap og for tilliten og støtta til norsk husdyrproduksjon er det viktig at vi tek i bruk ny kunnskap og ny teknologi for å ta hand om behova dyra har for å utøve naturleg åtferd.

Regelverk
Diskuter
- Kva inneber kravet om lausdrift for mjølkekyr, og når skal alle kyr gå i lausdrift?
- Kva er støvbading, og kvifor gjer hønene det?
- Korleis skal ein vagle for verpehøner vere utforma?
- Nemn nokre grunnar til at høner eller grisar vil halde seg nær menneske.
- Du skal setje bjølle på ei ku i ein flokk. Korleis skal du velje ut den kua som skal bere bjølla?
- Kva trur du kan vere bakgrunnen for nemninga "hakkekylling"?
- Nemn døme på at bønder du kjenner til, har måtta bygge om fjøs, grisehus eller hønsehus for å tilfredsstille nye krav til dyrevelferd.
Hugselappen
Husdyr er tamme, dei er vande med å vere rundt menneska.
Kravet om naturleg åtferd er eit viktig punkt i lova om dyrevelferd.
Kravet om lausdriftsfjøs og at purker ikkje skal føde i tronge bingar, er døme på reglar for å sikre at dyr kan utøve naturleg åtferd.
Nye krav, reglar og driftsformer kan òg føre til nye utfordringar fordi dyra som lever i flokk på tilnærma naturleg vis, etablerer rangordningar i flokken.
Ny kunnskap og ny teknologi blir tekne i bruk for å ta hand om behova til dyra.
Relatert innhald
For å kunne leve tett saman med menneske har dyr gått gjennom store genetiske forandringar. Korleis har dyra vorte domestiserte?
Desse oppgåvene handlar om domestisering og korleis domestisering av dyr og planter var eit vendepunkt for korleis menneske lever i dag.