Grovfôr

Grovfôr kjem i mange former
Grovfôret til norske husdyr består i hovudsak av gras og belgvekstar (eng), men kan òg inkludere andre grøne vekstar som halm, mais og rotvekstar. Dei fleste husdyr har ein rasjon som består av både kraftfôr og grovfôr, men sau, ku og geit et mykje grovfôr fordi dei har eit fordøyingssystem spesielt tilpassa å bryte ned gras. Dei er drøvtyggarar. Dette kan du lese meir om i emnet om husdyr. Hesten har òg ein fôrrasjon som består av store delar grovfôr.
Eng som grovfôr kan anten komme direkte frå beite eller i konservert form. Konservering av gras er nødvendig for å ha nok fôr i løpet av vinteren eller i periodar der beite ikkje er tilgjengeleg. Prinsippa som blir brukte er i stor grad dei same som ved konservering av mat vi menneske et. Konservering av gras går føre seg i hovudsak på to måtar: ved tørking (høy) eller ved å pakke i rundballe/silo (surfôr).
Surfôr
Når gras og andre fôrvekstar blir lagra lufttett over ein åttevekers periode, blir danna det surfôr. I denne perioden, gjæringsperioden, søkk pH-verdien i fôret slik at det blir surt. Surfôr er det viktigaste grovfôret til husdyra våre.
Enga blir slått, pressa i ballar og pakka i plast, eller ho blir køyrd inn frå jordet og lagt i silo med plastdekke. Dette fôret inneheld ein del vatn og kan ikkje lagrast utan å pakkast inn. Ein kan òg tilsetje ensileringsmiddel for å sørge for betre konservering.

Høy
Høy er engvekstar som er tørka til minst 84 prosent tørrstoff. Då treng det ikkje å pakkast lufttett, berre bli lagra tørt. Den vanlegaste lagringsforma for høy er små firkantballar, og det er hesten som er den største forbrukaren av høy.
Høy og halm
Det første biletet under viser høy, og det andre viser halm. Ser du forskjellen?
Relatert innhald
Det finst ulike måtar å hauste og konservera grovfôret på. Engvekstar kan lagrast som høy, silo eller rundballar.


