Feltarbeid: hybridar av bjørk - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: hybridar av bjørk

På ein ekskursjon i fjellet vil du raskt sjå at det veks mykje bjørk her. Den av og til så krokete fjellbjørka er ein underart av vanleg bjørk, mens dvergbjørka er ein eigen art som er krypande og buskforma. I denne feltoppgåva skal du prøve å finne krysningar (hybridar) mellom dei ulike artane.
Video: Alf Jacob Nilsen / CC BY-NC-ND 4.0

Føremål

I denne feltoppgåva skal du prøve å finne krysningar (hybridar) mellom fjellbjørk og dvergbjørk.

Bjørkeartar

I Noreg har vi tre bjørkeartar:

  • vanleg bjørk
  • hengjebjørk
  • dvergbjørk

Vanleg bjørk (Betula pubescens) har dessutan to underartar: dunbjørk (Betula pubescens subsp. pubescens), som veks til store tre i låglandet, og fjellbjørk (Betula pubescens subsp. czerepanovii), som veks på fjellet.

Fjellbjørk

Fjellbjørka har stivare og glattare blad enn dunbjørka, og blada har kraftige tenner langs bladkanten. Om hausten blir blada på fjellbjørka gule. Fjellbjørka er vakker med rett, kritkvit stamme og ei regelmessig krone når ho veks i god jord, slik som på setervollar, mens stammen og trekrona blir krokete i bratte lier med mykje vind og stort snøfall. I Noreg er fjellbjørka registrert heilt opp til 1580 meter over havet, og ho dannar skoggrensa til høgfjellet.

Dvergbjørk

Dvergbjørka (Betula nanen) skil seg kraftig frå fjellbjørka med sin buskaktige og krypande veksemåte. Blada er små (cirka 1 cm i diameter), stive og har taggete rand. Om hausten blir blada kraftig raude og er svært vakre. Dvergbjørka, som òg blir kalla «kjerringris», veks på myrer i låglandet og i store område av fjellet, ofte saman med lyng og vier, men ho toler ikkje langvarig snødekke.

Hybridar

Bjørkene er ikkje trufaste! Dei har stor evne til å krysse seg med kvarandre og danne hybridar (krysningar). Sjølv om fjellbjørka og dvergbjørka har ulikt sett med kromosom, dannar dei lett hybridar. Hybridane som veks opp, har ein bladfasong som er ein mellomting mellom fjellbjørk og dvergbjørk. Dei kryssar seg òg tilbake igjen med vanleg bjørk (både med fjellbjørk og dunbjørk), og dette kan vere årsaka til at det berre er svært små genetiske forskjellar mellom bjørkeartane.

Førebuingar

Før ekskursjonen må du oppdatere deg på «hybridar»:

  • Korleis er orda definerte?
  • Søk på nettet og sjå kva hybridar av plantar og dyr frå norsk natur du finn.

Om du har bakgrunnskunnskap om krysningar, blir det lettare for deg å forstå denne feltoppgåva når du kjem til ekskursjonsområdet.

Utstyr

  • kamera/mobil
  • GPS/mobil
  • skriveunderlag
  • linjal eller skyvelære
  • flora
  • bakgrunnsmateriale om artar og hybridar av bjørk i Noreg

Framgangsmåte

I fjellet har du høve til å sjå hybridisering av bjørk i praksis.

  1. For å sjå hybriden mellom fjellbjørk og dvergbjørk må du først finne eksemplar av dei to reine artane og sjå korleis blada på dei ser ut.
  2. Deretter må du leite etter hybridar, som vil ha blad med ei form som ligg mellom blada til fjellbjørka og dvergbjørka. Om hausten vil blada på hybriden vere oransje, altså ein mellomting av dei gule haustblada til fjellbjørka og dei raude til dvergbjørka.
  3. Prøv å gjere eit anslag over kor mange bjørkehybridplantar det er i området.
  4. Kan du sjå om hybridplantane har spreidd seg i større bestandar?
  5. Dokumenter funna dine ved å ta bilete og ved å samle inn nokre få kvister av dei to bjørkeartane og hybridplantane.
  6. Ta nærbilete av blada.
  7. Plukk 40–50 blad av fjellbjørk, dvergbjørk og hybridar frå same område.
  8. Mål største lengd og breidd på blada, og lag diagram som illustrerer forskjellane. Du kan eventuelt samle blada frå kvar plante i små plastposar og måle seinare, men hugs å merkje materialet!
  9. Bruk mobil eller GPS, og noter posisjon til dei bestandane av bjørkehybridar du finn.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei generell forklaring på kva ein hybrid er, og gi døme på organismar som dannar hybridar. Ta deretter for deg hybridar av bjørk spesielt.
  • Beskriv utsjånaden på hybridplantane du fann, og kor mange plantar eller plantebestandar du fann. Presenter dette grafisk, og kommenter resultata du fann då du målte bladlengd og bladbreidd på plantane.
  • Illustrer rapporten med bilete du tok på ekskursjonen.

Relatert innhald

Ekstern
Hybrider

Nettside hos no.wikipedia.org

Ekstern
Bjørk

Nettside hos nibio.no

Skrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021