Mangfald av økosystem og artar

Mangfald av økosystem
I dag finst det tre typar påverknader som særleg endrar naturmiljøet og dermed det biologiske mangfaldet i Noreg: arealinngrep, sur nedbør og innføring av framande artar.
Det nyttar lite å frede artar dersom naturtypen som arten er avhengig av, forsvinn. I dag har vi landskapsvernområde, naturreservat og nasjonalparkar som avgrensar lokale forstyrrande inngrep.
Eit anna problem er at leveområde blir stykka opp av vegar og busetnad, slik at vandringsvegar blir hindra og små populasjonar blir isolerte med fare for innavl.
Artsmangfald

Konvensjonen om biologisk mangfald (Riokonvensjonen) er den første globale avtalen om vern og berekraftig bruk av alle biologiske ressursar. I avtalen står det at partane skal fjerne og hindre innførsel av framande artar, kartlegge biologisk mangfald, overvake truande verksemder og setje i verk tiltak for vern, rehabilitering og berekraftig bruk av dei biologiske ressursane.
I 2021 vurderte Artsdatabanken 23 405 norske artar. Av desse var det 4 957 arter som oppfylte kriteria for å komme på raudlista, som er ei oversikt over kor stor risiko det er for at artar blir utrydda. 288 av desse vart rekna som kritisk trua, mellom anna damfrosk, snøugle, hettemåke og ulv.
Interessekonfliktar

Styresmaktene set i gang ulike tiltak for å verne det biologiske mangfaldet. Dette medfører ein del hindringar for næringsutøving, ressursutnytting og personleg utfalding. Les meir om interessekonfliktar av ulike slag frå ressursar relatert innhald.