Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Bonitet – jordas produksjonsevne

Skogbruk er ei kommersiell næring der produksjonen må planleggast. Sidan det tek lang tid frå eit tre blir planta og til det kan fellast, snakkar vi verkeleg om langtidsplanlegging.

Når vi skal nyplante på eit område, treng vi å vite noko om kor mykje tømmer vi kan forvente at området produserer. Kor mange planter skal setjast ned, og kor lang tid tek det før skogen er hogdstmogen? Produksjonsevna til eit område kallar vi bonitet.

Ut frå boniteten bereknar vi både kor mange treplanter som skal setjast ned per dekar, og kor mange tre som skal takast ut ved tynning.

Kor mykje tømmer kan vi produsere?

Skogbruket produserer tømmer. For å kunne planlegge produksjonen må vi gjere ulike berekningar. Denne presentasjonen viser korleis vi bereknar

  • alderen på treet
  • brysthøgdealderen
  • høgda på eit tre
  • boniteten

Alderen på treet

Når treet er felt, kan vi telje årringane på stubben eller stammen for å finne alderen på treet. For å finne alderen på eit tre som står på rot, må vi bruke andre metodar.

Hos yngre tre kan vi telje kvistkransane oppover stammen. Kvar kvistkrans representerer som regel eitt leveår.

Hos større og eldre tre bruker vi ein reiskap som blir kalla tilvekstbor.

Brysthøgdealder

Når vi skal berekne alderen på eit tre, gjer vi det i brysthøgde. Brysthøgde er definert til å vere 1,3 meter over bakken.

Med eit tilvekstbor tek vi ut ein tynn sylinder av trestammen som vi kan telje årringar på. Når vi har talt årringane, kan vi berekne brysthøgdealderen.

Når vi veit brysthøgdealderen, kan vi berekne boniteten i eit bestand.

Tilvekstbor

Tilvekstboret består av to samansette røyr, der de eine delen har gjenge for å kunne bore seg inn i treet. Inne i dette røyret er det ei tynn "jerntunge" som vi kan trekke ut boreprøva med. Slik gjer du det:

  1. Ta ut jerntunga og bor inn i treet i brysthøgde. Sikt så du kjem så nært mergen som mogleg.
  2. Stikk jerntunga inn i boret.
  3. Vri boret nokre omdreiingar tilbake, slik at den opne delen av jerntunga vender oppover. Ho skal ligge som ein U.
  4. Dra forsiktig ut boreprøva. Heile borekjernen skal følge med.
  5. Tel årringane på borekjernen inn til mergen og legg til ti år, som er treets tilvekst opp til brysthøgde. Då har du den totale alderen på treet.

Overhøgde

Når vi har funne alderen på treet, må vi finne overhøgda. Overhøgda er gjennomsnittshøgda for dei 100 grovaste trea på eit dekar.

Grovaste tre = trea med størst diameter

Eit dekar (da) = 1000 m2

Eit jordstykke som er 10 m × 100 m, er 1 dekar. Kan du teikne fleire jordstykke som har like stort flateinnhald?

Høgdemåling

Å måle høgda på eit levande tre er ikkje så enkelt. Det er fleire måtar å gjere det på:

Du kan bruke ein høgdemålar, som vist på biletet til høgre. Med høgdemålaren siktar du mot ulike punkt på treet og kan lese av høgda på ein skala.

Du kan bruke høgdemålarkjeppen. Dette er ein enkel metode, men han er meir unøyaktig.

Det finst også mobilappar som kan brukast til høgdemåling.

Bonitet

Boniteten i eit skogbestand seier noko om produksjonsevna. Di betre vekseforhold eit område har, di høgare er boniteten. Boniteten er påverka av både jordsmonn og klima.

For å berekne boniteten må vi ta utgangspunkt i tre som veks i bestandet. I eit område med høg bonitet er trea høgare ved ein gitt alder enn tre i eit område med låg bonitet. Når vi skal berekne boniteten, tek vi utgangspunkt i tre som er 40 meter i brysthøgde. Høgda på desse trea gir boniteten.

Trea på figuren er grantre som alle er 40 år i brysthøgde. Det minste treet er 8 meter høgt. I ein skog der tre med brysthøgdealder 40 år er 8 meter høye, er boniteten = G8.

Kor høg er boniteten dersom grantrea er 14 meter høge ved 40 års brysthøgdealder? Enn om dei er 20 meter?

Dette systemet for å berekne bonitet blir kalla H40 -systemet.

Dersom vi har tre i andre aldersgrupper, kan vi bruke denne bonitetskalkulatoren.


Hugselappen

Boniteten skildrar produksjonsevna til jorda.

Vi må vite høgda og alderen på bestandet for å finne boniteten.

Boniteten gir oss viktig informasjon når vi skal planlegge og utføre skogskjøtsel.

Test deg sjølv: Kva kan du om bonitet og måling av bonitet?

Relatert innhald

Høgdemåling

Ved hjelp av noen enkle metoder kan vi finne ut høyden og diameteren på trær og ut fra det beregne volum på enkelttrær og bestand.

Skrive av Hallstein Berre.
Sist oppdatert 27.11.2017