Biologisk mangfald og variasjon i genar - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald

Biologisk mangfald og variasjon i genar

Biologisk mangfald omfattar både den genetiske variasjonen innanfor kvar art, mellom alle artane på jorda og mellom alle naturtypar og levestader for artane.

Genetisk mangfald

Sjølv om mangfaldet kan vere svært stort når det gjeld artar, gir ikkje talet på artar noko fullstendig bilete av det biologiske mangfaldet. Innanfor ein art er det arveleg variasjon både mellom individa og mellom forskjellige populasjonar.

Det er for eksempel stor variasjon i menneskelege eigenskapar innanfor eit folkeslag, sjølv om alle menneska der høyrer til arten Homo sapiens.
I tillegg er det litt forskjell folkeslaga imellom (høgd, hårfarge etc.). Denne variasjonen mellom populasjonar i naturen må vere med for at biletet av mangfaldet skal bli komplett.

Det er miljøfaktorane − både dei levande og dei ikkje-levande − som bestemmer kva slags eigenskapar som gir best moglegheit til å overleve og få avkom i eit bestemt miljø. Konkurranse, behov for næring, sjansen for å bli eten, avgrensa ressursar og ulike miljø og leveområde fører til eit utruleg mangfald av tilpassingar. Desse tilpassingane kjem til uttrykk i det mangfaldet av artar som vi finn i faunaen (dyreverda) og i floraen (planteverda).

Naturleg utval og tilpassing

Naturleg utval av visse arvelege eigenskapar skaper organismar innanfor ein art som er godt tilpassa dei lokale miljøforholda dersom staden er isolert frå omgivnadene. Dette skjer fordi gen frå andre populasjonar ikkje blir tilførte. Slik isolasjon finst mellom anna på øyar og i ferskvatn.

I svært små bestandar av ein art kan isolasjon vere negativt for danninga av nye eigenskapar. Små og isolerte bestandar har ofte liten arveleg variasjon. Dette gir både auka risiko for innavl og redusert moglegheit for kombinasjon av nye genvariantar. Ein slik populasjon vil vere lite fleksibel og ha små moglegheiter til å tilpasse seg miljøendringar. Det er med andre ord variasjonen i arvematerialet som dannar grunnlaget for vidare tilpassing og utvikling.

Genetisk variasjon og biologisk mangfald

Genvariasjon blir viktigare enn tidlegare når det gjeld bevaring av biologisk mangfald. Det er av same grunnen viktig å ta vare på bestandar av ein viss storleik. Likevel er det verdt å merke seg at arveleg tilpassing krev tid.

Dersom miljøet endrar seg raskare enn organismane greier å tilpasse seg ved naturleg utval, vil dei ikkje overleve.
Dette er svært aktuelt no som menneskeleg aktivitet medfører store endringar i miljøet over kort tid, sett i evolusjonssamanheng.

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 06.08.2018