Forsøk: Oppsugingsevna til torvmose

Om torvmosar

Torvmosar er ei karakteristisk gruppe av mosar i myrar. I Noreg finst det om lag 50 artar av torvmosar, og desse høyrer til slekta Sphagnum. På grunn av den absorberande evna og antiseptiske verknaden har torvmosar blitt brukte av ulike folk som såromslag, hygieniske bind og altså i komser.
Hensikt
De skal finne ut kor mykje vatn ein torvmose kan halde på.
Praktisk oppgåve
Plukk med torvmose frå ei myr og la han tørke på avispapir i nokre dagar til han er heilt tørr.
Planlegg korleis de vil undersøke oppsugingsevna. Kva variablar er det i undersøkinga? Korleis vil de minimere uvissa? Presenter og grunngi framgangsmåten for læraren før de set i gang.
Gjennomfør undersøkinga.
Skriv ein rapport der de presenterer funna. Få med feilkjelder og foreslå eventuelt ei forbetring av metoden de brukte.
Tips!
Denne undersøkinga kan gjerast i samanheng med feltarbeid i ei myr.
De kan samanlikne oppsugingsevna til torvmosen med moderne bleier eller bind.
Oppgåve til diskusjon
No har de undersøkt oppsugingsevna til torvmosar etter vitskaplege prinsipp. Mykje av den praktiske kunnskapen om torvmosar er tradisjonell kunnskap. Diskuter korleis de trur folk før i tida opparbeidde seg kunnskap om bruk av torvmosar og andre plantar. Kva likskapar og forskjellar det er på korleis tradisjonell og vitskapleg kunnskap blir utvikla og formidla?
Visste du at ...
På nordsamisk kan ungdommar som prøver å ta eldre i skule, få høyre at dei er darfebahta – "ein som framleis har torvmosen hengande bakpå"?
Relatert innhald
Visste du at det finst om lag 50 artar av torvmose i Noreg, at torvmosane er bakteriedrepande, og at det tek minst 1000 år å byggje opp ein meter torv?
Tradisjonell kunnskap er viktig i samisk kultur. Her lærer du meir om kva tradisjonell kunnskap er, og korleis han blir utvikla og formidla.