Vi brenn magnesium

Risikovurdering
Før forsøket startar, må de gjere ei risikovurdering. Det betyr å tenke gjennom kva farar som kan oppstå, kor stor risikoen er, og korleis de kan førebygge ulykker. Som støtte kan de bruke spørsmåla under eller vegvisaren for risikovurdering av forsøk.
Kva faremoment er det i forsøket?
Kva kan gå gale, og kor sannsynleg er det?
Korleis kan vi førebygge at det skjer?
Kva gjer vi viss noko likevel går gale?
Framgangsmåte
Klipp av eit lite stykke magnesiumband (cirka 3 cm).
Hald magnesiumbandet med ei digeltong.
Tenn gassbrennaren og før magnesiumbandet inn i flammen. Sjå aldri direkte på det brennande magnesiumet – lyset er sterkt og kan skade auga.
Observer reaksjonen.
Ta gjerne bilete eller spel inn ein video (men altså ikkje med blikket festa på sjølve flammen).
Når magnesiumet er ferdig brunne, legg restane på eit varmebestandig underlag og la det kjøle seg ned.
Spørsmål og vidare arbeid
Kva to stoff reagerer i denne kjemiske reaksjonen?
Finn dei to grunnstoffa i periodesystemet.
Kva atomnummer har dei?
Kva gruppe står dei i?
Kva periode står dei i?
Teikn atommodellen til dei to grunnstoffa som reagerer.
I denne reaksjonen skjer det ei overføring av elektron. Skriv ned kva ion som blir danna, og forklar korleis elektronoverføringa skjer.
Kva kallar ein stoffet som blir danna i denne reaksjonen?
Denne reaksjonen skjer mellom eit metall og eit ikkje-metall. Kva kallar vi slike kjemiske reaksjonar?
Skriv reaksjonslikninga for den kjemiske reaksjonen.
Kva kjenneteiknar slike kjemiske reaksjonar? Kan du gi døme på andre slike kjemiske reaksjonar?
Når to stoff reagerer med kvarandre, er det veldig mange atom som reagerer. I reaksjonen mellom magnesium og oksygen vil forholdet mellom alle atoma som reagerer, alltid vere 2 :1. Forklar denne påstanden.
Dei fleste metall i pulverform er brennbare. Forklar kva som skjer når sink blir varma opp og reagerer med oksygen. Skriv reaksjonslikninga for den kjemiske reaksjonen.
Kvifor er det viktig å gjere ei risikovurdering før vi arbeider med stoff vi ikkje kjenner frå før?
Kva informasjon finn vi i eit sikkerheitsdatablad?