Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Atom og bindingar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Ionebinding

Ionebinding blir danna når eit metall gir frå seg elektron til eit ikkje-metall, og iona som blir danna, blir tiltrekte av kvarandre. Dei bygger opp sterke ionegitter som dannar salt – stoffar med høgt smeltepunkt, sprøheit og evne til å leie straum når dei er smelta eller løyste i vatn.

Ionebinding – metall og ikkje-metall

Ionebinding blir danna når ion med motsett ladning blir tiltrekte av kvarandre. Til dømes: Når metallet natrium reagerer med ikkje-metallet klor, gir natrium frå seg eitt elektron og blir eit positivt ion (Na⁺). Klor tek imot elektronet og blir eit negativt ion (Cl). Tiltrekkinga mellom dei positive og negative iona er det som utgjer sjølve ionebindinga.

Ionesambindingar er salt

Ei ionebinding oppstår når positive og negative ion tiltrekker kvarandre, og iona bygger opp store nettverk kalla ionegitter. Tiltrekkingskreftene i desse gittera er svært sterke, sidan kvart ion bind seg til fleire ion i ulike retningar. Derfor blir ionebinding rekna som ei av dei sterkaste kjemiske bindingane.

Ionesambindingar er stoff der atoma blir haldne saman av ionebindingar, og slike sambindingar blir ofte kalla salt. Ordet "salt" blir brukt i naturfag i ei vidare betydning enn i daglegtale. Vanlegvis meiner vi bordsalt (NaCl) når vi seier "salt", men i naturfag blir omgrepet brukt om alle sambindingar der ionebinding held atoma saman.

Eigenskapar til salt

Fordi salt er bygde opp av sterke ionebindingar i eit ionegitter, får dei nokre typiske eigenskapar.

Dei er sprø

Ionegitteret er sterkt, men ikkje fleksibelt. Viss laga blir skyvde i forhold til kvarandre, vil ion med same ladning hamne ovanfor kvarandre og fråstøyte kvarandre. Derfor er salt sprø, og dei sprekk lett.

Dei har høgt smeltepunkt og kokepunkt

Det krevst òg mykje energi for å bryte opp ionebindingar, noko som forklarer at salt har høgt smeltepunkt og kokepunkt.

Dei kan leie straum

I fast form er iona låste i ionegitteret, og dei leier straum dårleg. Men viss saltet blir løyst i vatn, blir iona frigjorde, og dei kan leie straum godt.

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelde

Pedersen, B. (2025, 24. februar). Ionebinding. I Store norske leksikon. https://snl.no/ionebinding

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 25.09.2025