Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Atom og bindingar

Oppgåve

Forsøk: Elektronparbinding

I dette forsøket skal vi bygge modellar av molekyl med eit molekylbyggesett for å få erfaring med elektronparbindingar.

Utstyr

  • molekylbyggesett

  • utfyllingstabell

Framgangsmåte

Bruk molekylbyggesettet og bygg molekyla samtidig som du fyller ut det som manglar i tabellen under.

  • Elektronparbinding, utfyllingstabell

  • Refleksjonsspørsmål

    1. Kva betyr det at ei binding er ei elektronparbinding?

    2. Kva symboliserer hola i kulene i byggesettet? Kva med pinnane?

    3. Kvifor deler nokre typar atom på elektron i staden for å berre gi og ta frå kvarandre?

    4. Kvifor får nokre atom fleire bindingar enn andre?

    5. Kvifor trur du vi bruker modellar for å lære om bindingar i staden for berre å teikne dei?

    Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk og Thomas Bedin.
    Sist oppdatert 11.09.2025