Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Energi og bruk

Oppgåve

Forsøk: Energioverføring i praksis

Kvifor blir hendene varme når du gnir dei? Kvifor koker vatn? Og kvifor smeltar is i sola? I alle desse situasjonane blir det overført energi. Energi er overalt – han får ting til å skje! No skal de konkurrere om kven som kan overføre mest energi, berre ved hjelp av kroppen!

Kva er energioverføring?

Energi er noko som får ting til å skje – til dømes når ein bil køyrer, ei lyspære lyser, eller kroppen vår held seg varm. Energilova seier at energi ikkje kan bli skapt eller forsvinne, berre bli overført eller forma om. Når energi blir overført frå ein stad til eit annan, kallar vi det energioverføring. All energi vi bruker, kjem frå andre kjelder og blir forma om til nye former.

Det finst to måtar å overføre energi på:

  • ved varme – til dømes når sola varmar på huda di

  • ved arbeid – til dømes når du bruker musklar til å løfte noko tungt

Hensikt

I denne aktiviteten skal du utforske energioverføring gjennom å auke vasstemperatur på kortast mogleg tid.

Utstyr

  • 0,5 L plastflaske med kork

  • vatn

  • målesylinder

  • termometer

  • stoppeklokke

Framgangsmåte

Jobb saman to og to.

  1. Mål opp 250 mL vatn og hell det over i flaska. Mål starttemperaturen på vatnet, og skriv han på tavla.

  2. Skru korken på flaska. Når læraren gir klarsignal, har de fem minutt på å overføre mest mogleg energi til vatnet. De kan bruke kroppen som verktøy, men ikkje opne korken eller bruke anna utstyr.

  3. Når tida er ute, måler de temperaturen på vatnet igjen. Samanlikn resultatet med dei andre i klassen. Paret som har klart å auke temperaturen på vatnet mest, vinn konkurransen!

Oppsummering felles i klassen

  • Kva metodar fungerte best, og kvifor?

  • Kva typar energi vart overførte til vatnet?

  • Kvifor fekk ikkje alle gruppene like stor temperaturauke?

  • Kva kan vi lære om energioverføring frå denne aktiviteten?

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist oppdatert 05.09.2025